Hopp til innhold

Over 20.000 koronasmitta i Noreg – 498 nye siste døgn

Det var ved midnatt registrert 20.061 koronasmitta personar her i landet, viser førebelse tal. Døgnauken på 498 er den høgaste så langt under pandemien.

Koronatesting. Koronatesting ved den nye teststasjonen på St. Hanshaugen i Oslo.

TESTSTASJON: Koronatesting ved den nye teststasjonen på St. Hanshaugen i Oslo. Sjukepleiar Kjellaug Marie Grine illustrerer korleis ein tek ein covid-19 test.

Foto: Jil Yngland / NTB

Dei siste to dagane er auken på 993 melde tilfelle, ifølgje tala frå det nasjonale meldesystemet for smittsame sjukdommar (MSIS).

Måndag vart det registrert 433 nye smitta, det klart høgaste fram til då. Tysdag var talet 324, medan onsdagstalet 403. Torsdag vart det igjen registrert ein ny topp, med 495 nye tilfelle.

Talet for fredagen er den tredje rekorden denne veka.

Heile veka høgare enn i mars

Heile denne veka har dermed døgntalet på nyregistrerte smitta lege over det høgaste nivået frå tidleg i pandemien, då toppen vart nådd med 313 smittetilfelle 24. mars.

Den siste veka er den totale auken på 2530 tilfelle.

I gjennomsnitt tek det eitt til to døgn frå eit prøvesvar finst til det blir registrert i MSIS. Tala kan dermed gi eit misvisande bilete av smittesituasjonen dei siste dagane, sidan det ikkje kjem fram når prøva er teken – berre når ho er registrert.

60 innlagde på sjukehus

Fredag var i alt 1.667.465 personar testa for koronasmitte her i landet.

60 personar får behandling på sjukehus for covid-19-sjukdom, ifølgje oppdaterte tal frå Helsedirektoratet fredag. Det er ein auke på 13 sidan torsdag, og er det høgaste talet sidan 14. mai.

Det var fredag registrert 282 døde som følgje av sjukdommen.

Færre synst tiltaka er for strenge

Fredag viste undersøkinga Norsk koronamonitor frå Opinion at færre nordmenn enn før synast at retningslinjene er for strenge. Svært få synast dei er vanskelege å følgje.

Berre 16 prosent svarer ja på spørsmålet om dei nye innstrammingane denne veka er for strenge, medan heile 74 prosent meiner retningslinjene ikkje er det.

– Trass nye innstrammingar meiner nordmenn i mindre grad enn på lenge at tiltaka er for strenge. I Oslo seier berre 14 prosent at dei er for strenge, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT