Ein mann i 20-åra kom seg ut av huset. Han er undersøkt av helsepersonell og har ikkje alvorlege fysiske skadar.
Fire personar er stadfesta omkomne.
Politiet utelukkar ikkje at det kan vere fleire døde.
- Vi kan ikkje utelukke at det er fleire personar i huset, men det er ingenting som tyder på at det skal vere det, seier informasjonsrådgjevar Erland Schei i Sunnmøre politidistrikt.
Ordførar Arnulf Goksøyr fortel at kommunen er rysta.
- Herøy er ein kommune der alle kjenner kvarandre.
Fire sakna
Brannen skjedde i eit bustadhus på Flusund i Herøy kommune på Sunnmøre.
Det var fest i huset i går kveld og over 20 personar har gått inn og ut i løpet av natta.
Politiet har i ettermiddag gått ut med namn på fire personar som er sakna etter brannen, men kan ikkje stadfeste om dette er dei fire omkomne.
- Vi har ikkje fullført identifikasjonsarbeidet enno, så vi kan ikkje stadfeste at det er dei same, seier Erland Schei ved Sunnmøre politidistrikt.
Desse fire har status som sakna etter brannen:
Kelly Nerland Remøy (22), Steffen Myklebusthaug (22), Marius Voldsund (20) og Kamilla Grimstad (17).
Namna er frigjevne etter samtykke frå dei pårørande.
Artikkelen held fram under bilete.
Foto: Stein Arne Lilleøy / SCANPIX
Kartlegg kven som var i huset
Politiet fekk melding om brannen klokka 06.36 i dag tidleg. Dei jobbar framleis med å kartleggje kven som var i huset då brannen braut ut i dag tidleg.
Årsaka til brannen er så langt ikkje kjent.
- Det er for tidleg å seie noko om årsaka til brannen. Vi har bede KRIPOS om hjelp til den tekniske etterforskinga, seier Schei.
Huset som brann er eit gamalt trehus med overetasje og loft.
Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX
Kommunen har oppretta kriseteam
Herøy kommune har oppretta kriseteam som skal ta seg av pårørande og vener av dei omkomne.
Også Kirketorget i Herøy kyrkje er open utover dagen.
Fleire dødsbrannar
Denne helga har minst 11 personar mista livet i brann.
I natt mista ein mann i 20-åra livet i Mehamn i Finnmark og i går opplevde Oslo den verste brannen sidan krigen.