Undersøkinga er utført av Respons Analyse på vegner av Skatteetaten og Norsk senter for informasjonssikring (NorsIS). Den viser at 3,6 prosent av dei spurde seier dei har fått identiteten deira misbrukt i løpet av dei to siste åra.
– Framleis opplever altfor mange å få ID-en sin misbrukt. Det må vi gjere noko med, seier Marianne Henriksen, fagdirektør for ID-forvaltninga i Skatteetaten.
Netthandel på topp
Dei fleste tilfella av ID-tjuveri skjer i samband med netthandel. I nær halvparten, 47 prosent, av tilfella, har det skjedd ved at ein framand har kjøpt ei vare på internett og oppgitt falskt namn.
I tillegg seier 22 prosent at identiteten deira blei misbrukt i samband med kjøp av ei teneste eller abonnement på internett.
– Samtidig er det godt å sjå at ID-misbruket ikkje har skote i vêret, sjølv om året vi har lagt bak oss, har vore prega av korona og langt meir netthandel enn tidlegare, seier Henriksen.
To-trinns pålogging sikrar deg
Seniorrådgivar Eivind Reiner-Holm i NorsIS meiner bruk av BankID eller andre to-trinn-påloggingar er årsaka til at ikkje fleire blir svindla.
I tillegg har folk flest blitt meir klar over at dei ikkje skal dele personopplysningar ukritisk, påpeikar han.
LES OG: