Hopp til innhold

– Dette synet minte meg om 11.september

Skrekk-scenarioet som utvikla seg i Oslo sentrum i går vekte uhyggelege minner hjå amerikanske Ian Dutton. Han var også vitne til 9/11-åtaket i New York i 2001.

Bombeeksplosjon i Oslo sentrum

Sjokk, forvirring, støv og raserte bygningar prega Oslo sentrum etter bombeeksplosjonen fredag. Situasjonen likna kaoset som rådde i New York 11.september 2001, minnast amerikanske Ian Dutton.

Foto: Øijord, Thomas Winje / Scanpix

Ian Dutton

Amerikanske Ian Dutton hugsar godt kvar han var den 11.september 2001. No er 22.juli.2011 også ein dato han seint vil gløyma.

Foto: via Facebook

Newyorkaren Ian Dutton var i går vitne til dramaet i Oslo sentrum frå hotellrommet sitt like i nærleiken av regjeringskvartalet. For Dutton gav bombeeksplosjonen urovekkjande assosiasjonar.

Han var nemleg også til stades på Manhattan i New York den 11.september 2001, då byen vart råka av av det mest omfattande terroranslaget i USA si historie.

– Det bygde seg opp ein tjukk vegg av støv og røyk like etter eksplosjonen i Oslo. Røyk, flammar, ei stor støvsky og raserte bygningar. Dette synet minte meg om 11.september, fortel Dutton til nettavisa NY Daily News.

Sjokk og forvirring

Som så mange andre av sine landsmenn gløymer Dutton aldri kvar han var den 11.september for ti år sidan.

Då det første flyet small inn i World Trade Center denne klarvêrsdagen i 2001, la Dutton på sprang frå bustaden sin på nedre Manhattan for å hjelpa til. Han kom fram i det det eine tvillingtårnet rasa saman, og blei innhylla i ei svær sky av støv og røyk.

– Eit skred av støv og skitt kom veltande mot meg. Eg hadde vanskeleg for å pusta, og det var desse minna som kom tilbake då eg såg støvskyene som kom veltande over menneska i Oslo sentrum i går, fortel Dutton.

Sjølv om bomba i Oslo ikkje kan samanliknast med 9/11-terroren i heimlandet, fortel Dutton til CNN at sjokket og forvirringa i etterkant av eksplosjonen også gav han sterke assosiasjonar til det han var vitne til for ti år sidan.

(Saka held fram under biletet)

New York 11.september

Slik såg det ut i New York den 11.september 2001.

Foto: STAN HONDA / AFP

– Som eit lynnedslag

Piloten Dutton blei bokstaveleg talt riven ut av ettermiddagsluren sin då bombeeksplosjonen råka Oslo sentrum i går kveld.

31-åringen sjekka inn på eit hotell i Oslo sentrum få timar før området skulle bli forvandla til eit kaotisk og blodig terrormål.

– Det var som om eit lynnedslag trefte senga mi. Eksplosjonen slo lufta ut av meg, kasta meg ut av senga og skaka hotellet som eit jordskjelv, seier Dutton.

(Saka held fram under biletet)

eksplosjon oslo

Sju menneske vart drepne og mange alvorleg skadde då bomba eksploderte mitt i hjarta av hovudstaden fredag klokka 15.26.

Samhald og nasjonalisme

Frå hotellrommet sitt i 28.etasje fekk han ei god oversikt over det som skjedde. Etter å hasendt bilete til CNN, blei han raskt kontakta av ei lang rekkje internasjonale media.

Dutton fekk dessutan ei kjensle av eit sterkt samhald blant det norske folk, på same måte som innbyggjarane i New York stod saman den lagnadstunge dagen i 2001.

– Det rår ei stemning av nasjonal stoltheit og samhald her i Noreg no. Det var nettopp det som skjedde i USA i timane og dagane etter 9/11, seier Dutton, som reiste tilbake til USA laurdag morgon til NY Daily News.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger