Hausten 2016 fortalde NRK historia om «Elisabeth». Kvinna hevda ho var informant for politiet og hjelpte dei fram til store avsløringar. Ho fortalde at deler av underverda vart avslørt og saker løyst med hennar hjelp. I retur fekk ho lovnad om at politiet skulle hjelpe henne med opphald i Norge, fortalde ho i intervju til NRK.
Kort tid etter melde Spesialeininga for politisaker at dei ville etterforske saka. No har dei konkludert med at politidistriktet har brote instruksen, likevel legg dei bort saka.
Spesialeininga for politisaker, ved assisterande sjef Guro Glærum Kleppe, slår fast at Oslo-politiet braut informant-instruksen.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix– På bakgrunn av den etterforskinga vi har gjort, har vi ikkje funne det bevist at politiet har opptredd på eit vis som kan leie til straffansvar. Det seier assisterande sjef i Spesialeininga for politisaker Guro Glærum Kleppe.
Men de har sendt vedtaket til administrativ vurdering, kva betyr det?
– Det er for å gjere politidistriktet merksame på at her kan det vere forhold som har kome fram under etterforskinga som det kan vere noko å lære av eller rette opp i, held Kleppe fram.
Oslo-politiet får kritikk
Både organisasjonen ROSA og organisasjonen IOM meiner at kvinna er eit mogleg offer for menneskehandel. Ho hadde ikkje opphaldsløyve i Norge på den tida ho hevdar at ho jobba som informant for politiet.
Det får Oslo-politiet kritikk for. Spesialeininga skriv:
«Etterforskinga viste at informanten blei brukt som informant trass i at vedkommande ikkje hadde lovleg opphald i Norge. Regelverket for kven som skal bestemme om dette kan gjerast, var ikkje følgt. Dette blei ikkje vurdert å vere straffbart, men gav grunnlag for å sende saka til administrativ vurdering. Etterforskinga viste at praksis var innskjerpa som følge av saka.»
Har Oslo politidistrikt brote informant-instruksen?
– Ja, det som har kome fram under etterforskinga er at regelverket for kven som skal bestemme dette ikkje er følgt, og det er slik vi har fått opplyst innskjerpa som følge av saka, stadfester Kleppe.
Oslo politidistrikt vil ikkje gje intervju, men skriv ein kommentar på e-post til NRK.
– Vi er tilfreds med at Spesialeininga har etterforska saka grundig. Den er lagt bort av di det ikkje er bevist strafflagde forhold. Spesialeininga har gradert påtaleavgjersla som "strengt fortruleg" og vi har av den grunn ikkje moglegheit til å kommentere detaljane i saka.
Vidare i e-posten frå politidistriktet står det:
– På generelt grunnlag kan vi sei at forholda som blir undersøkt av Spesialeininga, blir følgt nøye opp i politidistriktet med tanke på læring og utvikling. Men vi gjentek at vi ikkje har moglegheit til å uttale oss nærmare om denne saka.
Ramma kvinne har fått munnkorg
Det har gått nokre dagar sidan avgjersla frå Spesialeininga for politisaker kom. Stempla strengt fortruleg. Og dermed utan at råka partar har lov til å fortelje noko om innhaldet i dokumentet.
Trugslar og vald frå det kriminelle miljøet førte til at informanten braut samarbeidet med både dei kriminelle og politiet hausten 2016. Ho var livredd, og er det framleis.
Den tidlegare informanten lever framleis i skjul for det kriminelle miljøet.
Foto: Arild Sandsvik / NRKVedtaket frå Spesialeininga meiner ho viser at ingen tek ansvaret for sikkerheita hennar. Ho er skuffa over vedtaket og føler at politiet beskyttar politiet.
– Eg har ikkje håp om at politiet skal ta vare på mine rettar og hjelpe meg. Når politiet etterforskar seg sjølv og ikkje noko skjer, når det etter mi meining er dei som har gjort feil, så viser det at dei vil aldri innrømme at politiet har gjort feil, seier «Elisabeth».
Krev betre innsyn i politiet sitt arbeid
Organisasjonen ROSA hjelper ofre for menneskehandel i Norge. Der reagerer dei på at politiet brukar moglege ofre for menneskehandel som informantar, og meiner at politiet tar ifrå dei rettssikkerheita.
Mildrid Mikkelsen er leder av organisasjonen ROSA og kritisk til at politiet bruker offer for menneskehandel som informantar.
Foto: Anette Berentsen / NRKMildrid Mikkelsen er leiar i ROSA og meiner at så lenge politiet vel å bruke ofre for menneskehandel som informantar, må det på plass eit betre innsyn i det arbeidet politiet gjer.
– Vi har eit sterkt inntrykk av at det er avdekking av andre typar kriminalitet enn menneskehandel som har vore viktig for politiet. Difor har det blitt prioritert. Vi ser at det går utover ofra for menneskehandel, fordi dei har rettigheiter. Som informant har du ingen rettigheiter, du blir til sjuande og sist sendt ut av landet og må møte den organiserte kriminaliteten på eiga hand.
Håper framleis på eit trygt liv
Informanten har aldri lagt skjul på at ho drøymer om asyl i Norge. Det var grunnen til at ho gjekk inn i det risikofylte samarbeidet med politiet i utgangspunktet. Utlendingsdirektoratet har avslått asylsøknaden hennar og no er det opp til Utlendingsnemnda å avgjere framtida.
Men «Elisabeth» vil forfølgje saka vidare. Trass i at vedtaket frå Spesialeininga er hemmelegstempla og ho har fått avgrensa innsyn, skriv ho på ein anke saman med advokaten sin. Den skal sendast til Riksadvokaten sitt bord.
– Eg veit at eg har rett, så eg slåst framleis. Eg veit at eg ein dag kan gå ut. Eg veit at det dei gjorde mot meg var feil. Kanskje vil aldri dagen der dei innrømmer det komme, men eg vil framleis slåst for det, avsluttar «Elisabeth».