Fleire tusen menneske er bedne om å evakuere frå dei mest utsette områda i Costa Rica og Nicaragua før orkanen Otto er venta å nå land.
Personell frå Røde Kors hjelper familiar å evakuere i Barra de Colorado i Costa Rica.
Dei evakuerte familiane får helsesjekk og medisinar frå Røde Kors.
Lange køar med folk som ventar på å få mat ved eit evakueringssenter i Guapiles i Costa Rica.
Hjelpearbeidarar serverer mat til familiane som har kome til ein skule i Guapiles i Costa Rica.
Folk tek med seg det dei klarer på veg vekk frå dei orkanutsette områda.
Folk i Bluefields i Nicaragua spikrar igjen vindauga på husa sine med bølgeblekk før orkanen treff land.
Politi og personell frå styresmaktene gjer seg klar til å bistå i evakueringsarbeidet før orkanen.
Mange av innbyggjarane på øyane er evekuerte inn til land i det orkanen nærmar seg.
Folk søkjer ly på evakueringssentra og har berre med seg det dei klarte å bære.
Styresmaktene har sett opp bussar som skal ta med dei eldre til evakueringssentra i Bluefields i Nicaragua.
Tre personar har mista livet under uvèret i Panama, og fleire er sakna.