Hopp til innhold

Forsvarsministeren orienterte ikkje godt nok

Høgre og FrP er ikkje nøgde med svara dei fekk frå forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Eriksen under høyringa i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité.

Anne-Grethe Strøm-Erichsen

Anne-Grethe Strøm-Erichsen.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

- Statsråden reagerer først når det blir store mediasaker, meiner Per-Kristian Foss (H).

Statsråden deltek i dag i ei høyring om legedekninga i Afghanistan i Stortingets Kontroll- og konstitusjonskomité.

Eg såg det ikkje som ønskjeleg å ha ein sanitetssjef med så store utfordringer for ein som sjølv ønska seg permisjon

Forsvarssjef Sverre Diesen

Ho sa i høyringa at legedekninga for dei norske soldatane i Afghanistan ikkje har vore god nok, men ho meinte ikkje at dekninga har vore uforsvarleg dårleg.

Hindra operasjonar

- Mangelen på legar førte til at me ikkje fekk gjennomført dei

Carl I. Hagen

Carl I. Hagen

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

operasjonane me skulle. Dette er svært alvorleg, difor burde ho sagt ifrå om problema til Stortinget, seier Foss.

Heller ikkje Frps Carl I. Hagen, var nøgd med ministeren, og seier han hadde fått uklare svar.

- Ho burde ha kome til Stortinget på eit langt tidlegare tidspunkt for å informere om situasjonen.

Vedgjekk feil

Forsvarsministeren vedgjekk også at ho burde ha informert Stortinget på eit tidlegare tidspunkt.

- Det er godt at ho ser det i etterkant, seier Foss.

- Kva for etterspel vonar du denne saka vil få?

- Eg vonar me i framtida vil ha større merksemd knytt til legedekninga i utanlandsoperasjonar, og kor viktig det er for våre soldatar i utlandet å ha helsepersonell til stedes.

- I tillegg vonar eg me vil bli betre informert i Stortinget i framtida, seier Foss.

Ministeren godkjende avtale

Leif Sverre Rosén

Leif Sverre Rosén

Foto: NRK

Også sluttavtalen mellom forsvarssjef Sverre Diesen og den tidligare sjefen for Forsvarets sanitet, generalmajor Leif Sverre Rosén, sto sentralt under høyringa.

Avtalen inneheld formuleringar om at Rosén ikkje skulle snakke offentleg om Forsvaret eller Forsvaret si leiing.

- Eg godkjende avtalen, men ser i ettertid at nokre av formuleringene var uheldige, sa forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

- Ikkje mitt ønskje

- Dette var ein permisjonsavtale. Eg trudde det var semje mellom forsvarssjefen og Rosén om avtalen. Difor stilde ikkje eg spørsmål ved dette, sa forsvarsministeren.

Forsvarssjef Sverre Diesen sa at han var nøgd med jobben Leif

Forsvarssjef Sverre Diesen

Forsvarssjef Sverre Diesen

Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX

Sverre Rosén har gjort, men at det ikkje var rett å ha ein sanitetssjef som ynskte seg permisjon.

- Eg så det ikkje som ønskjeleg å ha ein sanitetssjef med så store utfordringar for ein som sjølv ville ha permisjon. Det var ikkje eg som signaliserte ynskje om at han skulle gå av, sa Diesen i høyringa i dag.

Burde ikkje godta avtale

Både Per-Kristian Foss og Carl I. Hagen meiner Strøm-Erichsen aldri skulle ha godteke ein avtale som innebar at Rosén ikkje kunne snakke om jobben sin.

- Det var ei famøs formulering, som på ingen måte høyrer heime i norsk arbeidsliv. Eg reagerer på at ministeren let dette passere, seier Per-Kristian Foss.

AKTUELT NÅ