Hopp til innhold

Reagerer på ny straummodell

Nettleiga blir lagd om frå nyttår for å få folk til å spreie straumforbruket sitt. Men no ber både parti på Stortinget og organisasjonar regjeringa om å utsette den nye modellen.

Høyspentledninger

1. januar blir det innført ein ny prismodell for nettleige. Målet er å få forbrukarane til å spreie straumbruken.

Foto: Marius Helge Larsen / NTB

Frå nyttår blir nettleiga for straum dyrare på dagtid, og billegare på sein kveld og natt. Det blir også dyrare å bruke mykje straum samtidig. Målet er å få folk til å spreie straumforbruket sitt meir ut over døgnet.

Statssekretær Amund Vik (Ap)

Statssekretær Amund Vik (Ap) i Olje- og energidepartementet trur den nye nettleiga vil gjere forbrukarane flinkare til å fordele straumbruken ut over døgnet.

Foto: Olje- og energidepartementet

– Det som er viktig med denne ordninga er at ho gir kundane milde insentiv til å flytte rundt på forbruket, seier statssekretær Amund Vik (Ap) i Olje- og energidepartementet til NRK.

For mange blir det ikkje så store endringar etter omlegginga, men ein del kan bli straffa for å bruke mykje straum samtidig, uansett når på døgnet det er.

Vanskeleg å forstå

Ordninga er lagt opp slik at du hamnar på ein prisstige, avhengig av kor mykje kapasitet du brukte den timen du brukte mest straum den siste månaden. Ordninga skal påskjøne kundar som kuttar toppane i straumforbruket sitt.

Linda Ørstavik Öberg, energipolitisk rådgiver Huseierne

Energipolitisk rådgjevar Linda Ørstavik Öberg i Huseiernes Landsforbund meiner den nye ordninga burde gjere det meir attraktivt for dei som er flinke til å spare straum.

Foto: Huseierne

Men 15 bransje-, miljø- og forbrukarorganisasjonar meiner det nye systemet er vanskeleg å forstå for folk flest.

– Eg kan vere flink heile månaden, og så har eg eitt storbesøk eller eg set på elbilladar og tørketrommelen samtidig, og då er det køyrt. Då er eg eitt steg opp på kapasitetstrapp, og eg har ingen insentiv for å gjere det rett resten av månaden, seier energipolitisk rådgjevar i Huseiernes Landsforbund, Linda Ørstavik Öberg.

Les også: Kan bli 35.000 kr dyrere å bo for en helt vanlig familie

Ber om at ordninga blir utsett

No ber dei 15 organisasjonane om at ordninga blir utsett. Dei meiner det er uforståeleg at den nye nettleiga ikkje oppmuntrar til energisparing, og kjem på verst tenkelege tidspunkt.

Bård Folke Fredriksen

Administrerande direktør Bård Folke Fredriksen i Norske boligbyggerlags landsforbund ber regjeringa utsette omlegginga av nettleiga.

Foto: Anders Fehn

– Regjeringa må vurdere å utsette innføringa av nye nettariffar, elles kjem det eit nytt straumsjokk frå 1. januar på toppen av det folk allereie har fått, seier administrerande direktør Bård Folke Fredriksen i Norske boligbyggerlags landsforbund.

Under torsdagens stortingsmøte fremja Rødt eit representantforslag om å trekke tilbake forskrifta, som dei omtaler som ein rushtidsavgift på straum.

Dei bad også om at dette skulle bli hastebehandla, noko dei ikkje fekk støtte for.

Sofie Marhaug

Sofie Marhaug (R) seier at det hastar å få stoppa forslaget.

Foto: Ihne Pedersen

Sofie Marhaug, stortingsrepresentant for Rødt og 2. nestleiar i energi- og miljøkomiteen, skriv i ein e-post til NRK at dei håper at partia som nå reagerer vil støtte dei i komiteen og sørge for ein hurtigbehandling.

Det hastar å få stoppa disse usosiale avgiftene som kjem allereie 1. januar 2022, skriv Marhaug.

Dyrt for folk flest

Organisasjonane får støtte fleire parti på Stortinget. SVs Lars Haltbrekken, som er medlem i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, meiner ordninga blir for dyr for folk flest.

Portrett av stortingsrepresentant Lars Haltbrekken på Røros.

Lars Haltbrekken (SV) fryktar at det nye forslaget vil vere både for dyrt og uforståeleg for folk flest.

Foto: Jenny-Krihke Dragsten Bendiksen

– Vi fryktar det nye forslaget vil vere uforståeleg for folk flest, og at det berre kjem ei ekstra rekning i vinter der straumprisen allereie har eksplodert, seier han.

Han er også redd ordninga skal hindre satsting på energieffektivisering og eigenproduksjon av straum, som det å ha solceller på taket.

Les også: Kraftsjefen har fastpris på strøm – forbrukerrådet anbefaler spotpris

Marius Arion Nilsen (Frp) sit i same komite, og seier han ønsker seg løysingar som kan utnytte nettet betre.

– Men når vi ser at framlegget frå den førre regjeringa fører til vesentleg høgare prisar, og kan gjere det vanskelegare for folk, må vi sette ein stoppar for det.

Men det har regjeringa ingen planar om, seier statssekretær Amund Vik.

– Prisen på kraft er såpass høg no, at det viktigaste er å kome til ein stad der vi unngår at norske straumkundar må betale for nett som vi kunne unngått med relativt små endringar.

Så dette kjem frå 1. januar?

– Vi legg opp til det, ja.

Les også: Flere partier vil gi statens strøminntekter tilbake til folk

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger