NRK Meny
Normal

Ordførar i naud

Oslos ordførar la seg i dag flat og erkjente at han har gjort noko dumt ved å halde pengar på ein konto i Sveits unna skatt.

Per Ditlev-Simonsen

Per Ditlev-Simonsen

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Han vil gjera opp for seg.

Men det er ikkje nok til å fjerne det politiske presset mot han.

Bør Ditlev-Simonsen gå av? Diskuter her!

Det var politisk dramatikk i Oslo Rådhus i ettermiddag. Ordføraren erkjenner skatteunndraging. Han seier seg lei for at han kan ha skadd Høgres valkamp. Han erkjenner at tilliten til hans integritet og dømekraft er svekka.

Den tilliten vil Ditlev-Simonsen freiste å rette opp att mellom anna ved å halde fram som ordførar ut perioden sin - altså til midten av oktober. Men dermed har han slett ikkje rydda bordet blankt for partiet sitt, Høgre, som har fått øydelagt valkampstarten sin av Oslo-ordførarens skattehandtering.

Valkamp om tillit?

Alle aktørane i Oslo-politikken er glade for at ordføraren vil rydde opp i skattesaka si. Han får dessutan mykje heider frå alle politiske hald for måten han har sjøtta ordførarvervet på i 12 år. Men opposisjonen, AP, SV og RV, krev likevel at han også trekkjer seg som ordførar. Det vil han ikkje. I alle fall ikkje no, sa han etter å ha høyrt det politiske trykket i forretningsutvalet i Oslo kommune i dag. Men når han etter kvart forklarte at han likevel vil tenkje igjennom dette ein gong til, kan me ikkje slutte no at utfallet av den tenkinga er gjeve.

Ordføraren erkjenner lovbrot. Det er tilliten til ordførarvervet det står om, meiner opposisjonen. Men det kan likevel vera eit sjansespel for dei å utnytte saka rått i valkampen. Det er ikkje lenge sidan det var søkeljos på Arbeidarpartiets byrådsleiarkandidat Rune Gerhardsen for hans betalte rådgjevingsteneste for samfunnsaktørar. Berre for å nemne eitt moment. Sakene kan ikkje samanliknast. Men også då sveiv ord som integritet og tillit i lufta.

Høgres bane?

Det er openberrt at Høgres valkamp har blitt forstyrra. Kampen om makta i Oslo er beinhard. Også for Høgre sentralt er det svært viktig å halde på makta i hovudstaden. I kva grad skattesaka til Høgre-ordføraren kjem partiet til last på valdagen om tre veker, er sjølvsagt uråd å sei noko avgjort om akkurat no.

Men i dei breiare lag av veljarar Høgre gjerne vil vinne for seg er det lett å finne moralske reaksjonar. Og at partiet gjerne ser at denne sterkt plagsame saka blir lagt så daud som råd, er sikkert. Det er også grunn til å tru at det vil skape stor lette i breide krinsar i Høgre dersom Ditlev-Simonsen etter sin nærare ettertanke trekkjer seg som ordførar.

Situasjonen innbyd ikkje til at fleirtalet i Oslo bystyre ope vil presse ut ein ordførar som prøvar å berge æra si. Men om han blir sitjande, kan det innebera meir pining både for Høgre og Ditlev-Simonsen sjølv. Det er ikkje vanskeleg å spå.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger