Hopp til innhold

Opprydding i Adecco etter NRK-avsløringar

Adecco måtte rydda kraftig opp etter at Arbeidstilsynet dokumenterte omfattande brot på arbeidsmiljølova i Viasat si nysalavdeling. – Me er glade for tipset, seier Arbeidstilsynet.

Ny ripe i lakken for Adecco etter Viasat-avsløringar

Arbeidstilsynet fann 11 brot på Arbeidsmiljølova ved nysalavdelinga til Viasat, som Adecco har arbeidsgjevaransvaret for. Fire månader etter har tilsynet fått tilstrekkeleg dokumentasjon på tiltak til at dei kan lukka saka.

Foto: NRK / Montasje

Pål Lund, Arbeidstilsynet

– Det er alltid problematisk når verksemder av såpass storleik har så alvorlege problem som er avdekt her, seier tilsynsleiar Pål Lund i Arbeidstilsynet Oslo.

Foto: Nyhetsspiller / NRK

Ei «cowboyverksemd» der dei overordna systematisk trugar og trakasserer unge arbeidstakarar, tvingar dei til å jobba overtid utan løn og til å seia opp utan gyldig grunn. Slik skildra tidlegare Viasat-seljarar arbeidsmiljøet ved telefonsalavdelinga til TV-leverandøren i ein artikkelserie på NRK.no i fjor haust.

Arbeidstilsynet har ikkje oppdaga trakassering hos Viasat sine tilsette i sine i undersøkingane sine.

Bemanningsbyrået, som har arbeidsgjevaransvaret for Viasat-seljarane, fekk Arbeidstilsynet på nakken etter NRK sine avsløringar.

Det måtte to oppryddingsrundar over ein periode på fire månader til før tilsynsorganet no kan seia seg nøgde med dei endringane som er gjort for å sikra eit arbeidsmiljø i tråd med reglane.

– Me er takksame for tipset me fekk om arbeidsforholda i Viasat nysal. Det var mange uheldige forhold der. Me er godt nøgde med svaret me no har fått frå Adecco, men ting skulle ha vore på plass før me gjekk inn i saka, seier tilsynsleiaren i Oslo, Pål Lund.

Omfattande lovbrot

Som hjå alle store arbeidsgjevarar oppstår det innimellom situasjonar som må handterast og rettast opp i

Anne-Stine Talseth, kommunikasjonsdirektør i Adecco

NRK fortalde hausten 2012 om ein arbeidsplass der unge arbeidstakarar blant anna kjende seg tvinga til å jobba ubetalt overtid i stor skala, blei pressa til å gå på dagen utan gyldig grunn, mobba, trakassert og utpsyka.

Ein av dei åtte tidlegare Viasat-seljarane NRK snakka med, vart også forfremma til teamleiar for ei gruppe seljarar. Han stadfestar at dette var vanleg praksis:

– Me tvinga folk til å jobba uløna overtid ved bruk av eksplisitte trugsmål om å få sparken, utskjelling og utpsyking. Folk blei forbruksvare, og det var ein gylden regel at me alltid skulle tyna seljarane for alt dei hadde i fire månader, før ein erstatta dei med nye folk, fortalde den tidlegare teamleiaren.

Etter NRK sine avsløringar og pålegg frå Arbeidstilsynet har Adecco blant anna

  • innført nye rutiner for registrering av arbeidstid og for kontinuerleg vurdering av overtidsbruk
  • oppretta eit arbeidsmiljøutval med ansvar for systematisk HMS-arbeid
  • sendt leiarar og verneombod på HMS-kurs
  • oppretta samarbeid med bedriftshelsetenesta
Anne-Stine Talseth

Kommunikasjonsdirektøren i Adecco Anne-Stine Talseth.

Foto: Presse / Viasat

I tillegg har Viasat innført rutinar for årleg evaluering av behovet for å oppretthalda det Arbeidstilsynet omtalar som «til dels omfattande kontrolltiltak» knytta til utføringa av arbeidet (bl.a. opptak og lagring av kundesamtalar og at leiarar lyttar til salssamtalane).

«Adecco har retta opp i alle forhold her, og har fått stadfesta av Arbeidstilsynet å ha oppfylt alle pålegg. Då dette har element i seg knytta til tilsetjingsforhold og personalsaker, ber eg om forståing for at eg ikkje kan gå i nærmare detaljar om dette», skriv kommunikasjonsdirektøren i Adecco, Anne-Stine Talseth, i ein e-post til NRK.

– Mangla heilt grunnleggande ting

Det var heilt grunnleggjande ting som mangla. Adecco hadde ikkje oversikt over problema i arbeidsmiljøet

Pål Lund, tilsynsleiar i Arbeidstilsynet Oslo

Arbeidstilsynet reagerte sterkt på historiane dei fekk presentert via NRK.no, og bestemte seg forå leggja arbeidsplassen under lupa. Under tilsynet fann kontrollorganet brot på Arbeidsmiljølova på 11 punkt.

«Som det vil framkomme av denne rapporten, finner Arbeidstilsynet flere alvorlige avvik knyttet til det systematiske helse-, miljø- og sikkerhetsarbeidet for å ivareta arbeidsmiljøet for de ansatte knyttet til Viasat», skriv kontrollorganet i tilsynsrapporten.

Etter hastemøter og strakstiltak i Adecco, blei det rydda opp i fleire kritikkverdige forhold, men Arbeidstilsynet gav til pålegg på fem punkt. Først i februar sa tilsynet seg nøgd, og avslutta saka.

– Det var heilt grunnleggjande ting som mangla. Adecco hadde ikkje oversikt over problema i arbeidsmiljøet, som blant anna gjekk på arbeidstid, arbeidsmiljø og reint fysiske forhold. Det var også gjort lite for å retta opp forhold som tilsette allereie hadde varsla om, seier tilsynsleiar Lund.

«Alvorleg sak»

Adecco er det største bemanningsselskapet i Noreg, og har meir enn 8000 medarbeidarar i jobb. Selskapet har vore i hardt vêr ei rekkje gonger i løpet av dei siste åra, ikkje minst etter NRK si avsløring av sjukeheimsskandala for to år sidan.

At Adecco gong på gong har blitt tekne i lovbrot, gjer Viasat-saka ekstra alvorleg, heiter det i tilsynsrapporten:

«Arbeidstilsynet vil bemerke sakens alvorlige karakter, også ut i fra tidligere tilsynsgjennomføring hos Adecco Norge AS. Dette tilsynet viser at temaer som tidligere er påpekt enda ikke ivaretas tilfredsstillende av Adecco Norge AS».

Lund i Arbeidstilsynet understrekar at dei ser alvorleg på at ei så stor verksemd gjentekne gonger bryt arbeidsmiljølova.

– Det er alltid problematisk når verksemder av såpass storleik har så alvorlege problem som er avdekt her. Adecco har i denne saka, og så langt me har oversikt over, rydda opp. Men me hadde venta at Adecco hadde alt på stell etter tidlegare tilsynssaker.

Lucas Scott Andersen og anonyme eks-Viasat-ansatte

Lucas Scott Andersen og fleire andre tidlegare Viasat-seljarar varsla om dei kritikkverdige forholda på avdelinga.

Foto: Martin Zondag / NRK

Adecco meiner derimot at nettopp storleiken er årsaka til at slike saker dukkar opp frå tid til anna.

Korleis kan ein festa lit til at Adecco denne gongen har gjort det som krevst for at verksemda ikkje bryt lova og kan tilby forsvarleg arbeidsmiljø for sine tilsette?

«Me er ein stor arbeidsgjevar med menneske i jobb over heile landet. Som hjå alle store arbeidsgjevarar oppstår det innimellom situasjonar som må handterast og rettast opp i. Nokre gonger medfører det også personalsaker. Dette kan me ikkje unngå», skriv kommunikasjonsdirektøren.

Ho meiner dei har gode rutinar for å handtera eventuelle avvik. Adecco avviser at dei ikkje handla då tidlegare Viasat-seljarar varsla om brot på arbeidsmiljølova allereie hausten 2011.

«Me tok tak i varslinga med ein gong den kom til oss, før Arbeidstilsynet vart involvert. Me tok svært mange grep umiddelbart», uttalar Talseth i Adecco.

– HMS burde vera like naturleg som økonomi

Øystein Hygen Christensen

- Arbeidstilsynet har konkludert med at Adecco som ansvarleg arbeidsgjevar har oppfylt pålegga og det er me naturlegvis glade for, seier informasjonsansvarleg i Viasat Øystein Hygen Christensen.

Foto: Presse / Viasat

Viasat seier dei har teke saka alvorleg frå første stund, og at dei no er glade for at Arbeidstilsynet meiner Adecco har rydda opp. Tiltaka som no er innført skal ifølgje Viasat sikra at seljarane deira jobbar under forsvarlege forhold også i framtida.

Har Viasat på noko tidspunkt vurdert å seia opp avtalen med Adecco som ansvarleg arbeidsgjevar for Viasat si salsavdeling?

– Me er i ein løpande dialog med Adecco om organiseringa av salssenteret, men har ikkje kome fram til ein endeleg konklusjon på dette arbeidet, seier informasjonsansvarleg i Viasat, Øystein Hygen Christensen.

Den Adecco-drifta telemarketing-avdelinga til Viasat risikerer å få Arbeidstilsynet på døra igjen. Ei av ti verksemder der tilsynet kjem på besøk, blir gjenstand for ny kontroll i ettertid.

Svært mange bedrifter som Arbeidstilsynet fører tilsyn med får påvist manglande HMS-ordningar. I fjor var dette tilfellet hjå 10.000 av dei kontrollerte arbeidsplassane.

– Systematisk arbeid med helse, miljø og tryggleik er det mest grunnleggjande for å skapa eit trygt og sikkert arbeidsmiljø. Dette er noko alle skal ha på stell,og som burde vera like naturleg som å ha eit økonomisystem på plass, seier direktør i Arbeidstilsynet Ingrid Finboe Svendsen.

AKTUELT NÅ