Hopp til innhold

Opprettar abort-register

Kvinner som tek abort vil frå 1. januar bli registrert i eit nytt statleg register. Og det skjer om kvinna ynskjer det eller ikkje.

Hjemmeabort skjema

NYTT ABORT-REGISTER: Frå 1. januar skal informasjon om kvinner som tek abort registrerast i eit nytt statleg register.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Frå 1. januar skal informasjon om kvinner som tek abort registrerast i eit nytt statleg register.

Dette er obligatorisk og kvinner som tek abort kan ikkje reservera seg.

Negative til registeret

Då utkastet til forskrift vart sendt ut på høyring for to år sidan var eit nesten samla Storting negativ til framlegget. Det var også Datatilsynet.

- Vi har ikkje sett behov for å opprette eit slikt register, seier Sverre Engelschiøn i Datatilsynet til NRK Nyheter.

I dag vert opplysningar om abortinngrep samla i pasientregisteret.

No er Datatilsynet redd at krav om enno meir registrering vert eiekstrabelastning på kvinnene og at dette svekkjer personvernet.

- Vi har veldig mange registre i Norge i dag, og det er ikkje usannsynleg at man må snakke om at det er meir eit tidsspørsmål for når feil skjer, enn om feil kan skje, seier Engelschiøn.

- Heilt uforståeleg

Sjølv om informasjon som personnummer skal erstattast med ein kode, kan informasjon frå ulike register likevel koplast saman og folk indentifiserast.

- Det er heilt uforståeleg at dette skjer i Norge, og det rimer ikkje med den erklæringa regjeringa ga då den tiltrådte, seier Agnete Strøm, internasjonalt ansvarleg i Kvinnefronten.

Strøm ser på det nye registeret som eit stort tilbakesteg.

Helse- og omsorgsdepartementet vil ikkje stilla til intervju, men - seniorrådgjevar Ragnhild Spigseth seier til NRK at registeret er ei vidareføring av den registreringa som alt skjer i dag, og ho meiner at personvernet er godt nok ivareteke i den nye forskrifta.

AKTUELT NÅ