Hopp til innhold

Opposisjonen varslar nye høyringar

Opposisjonen er ikkje fornøgd med gårsdagens forklaring i Stortinget, og vil kalle inn tidlegare ministrar og embetsmenn for å få svar på kva som gjekk gale 22. juli i fjor.

Knut Arild Hareide

KrF-leiar Knut Arild Hareide meiner at dei manglar mange tilfredsstillande svar om 22. juli.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Me kan kome til å kalle inn både Knut Storberget og Ingelin Killengreen for å svare Stortinget, seier Per-Kristian Foss frå Høgre.

Foss sier at det framleis er mange spørsmål dei ikkje har fått svar på.

– Prosessen kjem til å dreie seg mykje om korleis det kunne skje at me ikkje var bedre forberedt.

Gamle politisjefar på banen

Ingelin Killengreen

Ingelin Killengreen var politidirektør i 11 år. No må ho truleg svare for seg i Stortinget.

Foto: Jonas Sætre / NRK

– Både Ingelin Killengreen og Øystein Mæland vil truleg bli kalt inn på teppet når opposisjonen søkjer svar. Arbeidet vil starte i slutten av september, seier leiar av kontrollkomiteen på Stortinget, Anders Anundsen (Frp).

Anundsen seier at arbeidet truleg vil starte i løpet av september.

– Eg trur nok at me klarar å få gjennomført høyringa før jul. Det er viktig no å gjere to ting. Det eine er at me gjer ein skikkeleg og grundig jobb, men det andre er at me gjer det raskt.

Arbeidarpartiet sin mann i komiteen, Martin Kolberg, seier at regjeringa vil svare på alle spørsmål. Men han kjem med ein åtvaring til opposisjonen.

– Dette er ein så alvorleg situasjon at eg reknar utan vidare med at ingen vil setje i gang eit såkalla partipolitisk spel rundt dette, seier Kolberg.

– Vil prege valkampen

Når høyringane er over, vil opposisjonen vurdere om det er grunnlag til mistillit til statsrådar eller statsministeren. Men det politiske spelet vil ikkje vere over med dette, seier Høyre-leder Erna Solberg.

– Det vil vere ein undertone i høve til valkampen, seier Solberg.

– Eg trur beredskap og tryggleik vil bli aktuelle tema i neste valkamp, seier KrF-leiar Knut Arild Hareide.

AKTUELT NÅ