Oppfordrar fleire til å melde frå om fødselsskadar

Mange klagar ikkje inn fødselsskadar. Det fører til at vi ikkje veit kor omfattande problemet er. Komikar Sigrid Bonde Tusvik er ein av dei som ikkje klaga etter at ho fekk omfattande skadar.

Tusvik & Tønne

Første gong Sigrid Bonde Tusvik (t.v.) fortalde om den vanskelege andrefødselen var i podkasten ho har saman med Lisa Tønne. Tusvik meiner det er viktig å få bort tabuet rundt fødselsskadar.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Då komikar Sigrid Bonde Tusvik fødde for andre gong i 2016, fekk ho store fødselsskadar, og måtte bli operert. I tillegg måtte ho gå med bleier for å ha kontroll på avføringa. I fjor sommar måtte ho gjennom ein ny operasjon fordi det ikkje hadde grodd rett.

Sjølv om ho fekk omfattande skadar, klaga ikkje Tusvik til Norsk Pasientskadeerstatning.

– Eg kjende meg godt vareteken av Ullevål sykehus. For meg er operasjonane eg har fått i ettertid på mange måtar ei erstatning for det eg gjekk igjennom, fortalde ho i radioprogrammet «Ukeslutt» laurdag.

Men i ettertid ser ho likevel at ein klage kunne ha hatt noko føre seg.

– Mange har oppfordra meg til å klage for å få skaden registrert, slik at vi etter kvart kan få ei betre oversikt over skadar og seinskadar fødslar kan føre til.

Vanskeleg å få erstatning

Ei undersøking NRK har gjort, viser at over 70 prosent av kvinnene som har søkt erstatning etter fødselsskadar dei siste åra, har fått avslag. Grunnen til at så mange får avslag, er at skadane som ofte kjem som følge av ein fødsel, blir sett på som ein kjent risiko.

Tonje Salen

Nestleiar i Foreningen for kvinner med fødselsskadar, Tonje Salen, meiner fleire burde klage inn skadar dei får etter ein fødsel. Dei fleste av dei som har klaga dei siste åra har fått avslag. Men ved å klage, blir skadane registrert. Og det kan bidra til at vi kan førebyggje slike skadar i framtida.

Foto: Jørgen B Leangen

Ein av dei som har fått avslag, er Tonje Salen. Ho fekk skadar etter ein fødsel for ti år sidan. I dag er ho nestleiar i Foreningen for kvinner med fødselsskadar. Sjølv om det er mange som får avslag, er det viktig å klage, seier ho.

– Uavhengig av om det blir erstatning eller ikkje, bør skaden bli registrert. Då kan vi få gjort noko for å førebyggje skadar. Og dei som opplever å få skadar, kan bli varetekne på ein betre måte.

I tillegg håper ho at tabuet rundt denne typen skadar kan bli borte ved at dei blir løfta fram i lyset.

Viktig førebu seg

Då Sigrid Bonde Tusvik skulle føde første gong, laga ho ein serie for TV 2 om graviditeten og fødselen. Det gjorde at ho var godt førebudd til fødselen, og visste kva ho skulle gjennom.

– Eg trur mange skadar oppstår fordi dei som skal føde blir stressa og får panikk. Dersom ein førebur seg grundig på kva som skal skje, trur eg det kan minske faren for fødselsskadar.

Skaden Tusvik fekk under fødsel nummer to, skuldast at ho blei for ivrig.

– Eg juksa, og pressa for hardt for tidleg. I staden burde eg ha høyrt på jordmor. Då hadde det kanskje gått betre.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger