Hopp til innhold

Opna politiets aller mest hemmelege rom

Sluser og strenge tryggingstiltak fører til politiet sitt nye situasjonssenter. NRK fekk vere med på ekslusiv omvisning i det topphemmelege senteret.

Politiets situasjonssenteret åpnet i dag og skal blant annet brukes til å koordinere flere politidistrikt under nasjonale kriser.

Situasjonssenteret i Politidirektoratet er avgrenset også for dei som jobbar i politiet og det er berre personar som har noko der å gjere som får lov til å sleppe inn. Det døgnbemanna senteret skal handtere store nasjonale kriser betre enn før.

– Denne dagen er eit viktig steg for nasjonal tryggleik, seier justisminister Anders Anundsen (Frp).

I dag klippa han eit politisperreband i eit bygg på Majorstuen i Oslo, og dermed var det nye situasjonssenteret til politiet opna.

– Dette vil føre til at vi har betre samhandling og kan involvere fleire politidistrikt samstundes på oppdrag, seier statsråden.

Strengt vakta

Senteret skal ikkje erstatte dagens operasjonssentralar landet rundt, men fungere som eit supplement, og gje dei lokale sentralane hjelp i situasjonar som oppstår.

– Det er svært viktig supplement for Justis- og beredskapsdepartementet, og det vil styrke Politidirektoratet.

Anders Anundsen forlenger politibevæpningen igjen

NØGD: Justisminister Anders Anundsen (Frp) meiner Noreg er betre rusta i kriser etter at situasjonssenteret vart opna torsdag.

Foto: NRK

Det har skjedd fleire oppgraderingar rundt huset som skal vere hjartet i alle store operasjonar politiet er involverte i. Og det er ikkje kven som helst som får ta turen inn dørene på senteret. Det er komne gjerde rundt bygget, og dei som har arbeidet sitt der er alle klarerte på høgste hald.

Etter Gjørv-kommisjonen la fram sin rapport, kom det fram at politiet under terroråtaket i 2011, hadde store manglar. Politiet var rett og slett ikkje godt nok budde på å handtere ei nasjonal krise meiner kommisjonen. Det var også uklart kven som hadde leiaransvaret på Utøya, og det var dårleg koordinering og samhandling.

Eit av forslaga i ettertid var å lage ein nasjonal skalerbar operasjonssentral for å betre beredskapen. Det er ikkje Anundsen samd i.

– Dette er eit kvantesteg i rett retning når det gjeld samfunnstryggleik og beredskap. Då Gjørv-kommisjonen la fram sine forslag var det 27 politidistrikt i Noreg. No er det 12, og det gjer situasjonen heilt annleis, seier han.

Situasjonssenteret i POD

STABSROM: Her skal toppleiinga i politiet styre nasjonale kriser i framtida.

Foto: Simon Solheim / NRK

Ikkje lenger på bakvakt

Også politidirektør Odd Reidar Humlegård meiner det nye senteret er eit betre alternativ.

Odd Reidar Humlegård

KLAR: – Senteret vil kunne bidra i situasjonar lokale operasjonssentralar står i, seier politidirektør Odd Reidar Humlegård.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

– Politidistrikta har sakna dette. Tidlegare har vi hatt ei bakvaktsordning, no har vi eit situasjonssenter som har folk på jobb 24-timar i døgnet. Det gjer oss betre rusta til å kome raskt opp og gå i ein situasjon, seier politidirektøren.

Det er politimeistrane landet rundt som har hovudansvaret for operasjonar i sine distrikt, og situasjonssenteret skal halde kontakten med alle involverte samarbeidspartnarar.

Senteret er politidirektoratets døgnkontinuerlege kontaktpunkt i spørsmål knytt til alvorlege hendingar.

– Med dette kan vi hjelpe med å få oversikt over situasjonen og koordinere ulike aktørar som er involverte.

– Betyr det til dømes at eit helikopter raskare kjem med i ein operasjon?

– Det vil vere ein betre beredskap, seier Humlegård.

AKTUELT NÅ