Hopp til innhold

Ommøblerer yrkesfaga

Regjeringa justerer Kunnskapsløftet og legg om yrkesutdanningane i vidaregåande skule. Heretter skal elevane få veksle meir mellom skule og bedrift. Målet er mindre fråfall.

Kristin Halvorsen

Målet med omlegginga er å redusere den enorme mengden fråfall på yrkesutdanningane, seier Kristin Halvorsen.

Foto: Øijord, Thomas Winje / NTB scanpix

Anne Tingelstad Wøien

Anne Tingelstad Wøien.

Foto: ked

– Hovudløpet på yrkesfaga har vore to år i skule og to år i lære. Vi har tenkt at det skulle passe alle, men det gjer det jo ikkje, seier Senterpartiets skulepolitiske talskvinne Anne Tingelstad Wøien til NRK.

Saman med kunnskapsministeren presenterer ho ein av nyheitene frå stortingsmeldinga om vidaregåande skule som kjem fredag.

Målet med omlegginga er å redusere den enorme mengden fråfall på yrkesutdanningane. Svaret er meir blanding av teori og praksis.

Betre blanding

– Vi ser for oss meir og betre innslag av læring i bedrift allereie første året på yrkesfag, og at ein deretter blandar skule og bedrift betre dei tre neste åra, forklarer kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV).

Dermed går regjeringa bort frå eit system som mange meiner har vore rigid, nemlig ein modell der elevane sit to år på skulebenken før dei går to år i lære i bedrift.

Mange elevar som har vore skule-leie etter ungdomsskulen har fått ein ny teori-trøkk når dei trudde dei hadde valt seg ei meir praktisk vidaregåande utdanning.

Sp-representant Wøien meiner det gjeldande yrkesfag-systemet i mange tilfelle har lagt til rette for at ungdom har hamna i trygdesystemet. Med ny ordning håpar ho at yrkesutdanningane legg til rette for noko langt meir positivt for norsk ungdom.

– Meir fleksibilitet og betre individuell tilpasning, seier Wøien.

Jørgen Leegaard

Kompetansedirektør Jørgen Leegaard har vore ein av pådrivarane.

Foto: Håvard Grønli / NRK

Justerer Kunnskapsløftet

Byggenæringens landsforening og kompetansedirektør Jørgen Leegaard har vore ein av pådrivarane for endringa som no kjem. Blant anna står dei bak forsøk med ordningar som no blir nasjonal politikk.

– Det er berre å gratulere regjeringa. Dette er akkurat det byggenæringa har bede om, og vi skal levere.

Og med lovnaden om å levere er han indirekte inne på det som blir ei utfordring med den nye yrkesutdanninga.

Allereie i dag er det nemlig eit enormt problem å skaffe nok lærlingplassar til elevar på yrkesfag. No må hans bedrifter ta ansvar for ungdom i fire år, ikkje berre to år.

– Ja, det blir utfordrande, men bedriftene vil sjå at elevane dei utdannar kan meir og har meir interesse for jobben. Kanskje klarer vi å rekruttere betre med det nye systemet. Eg har tru på at bedriftene vil komme, seier Leegaard til NRK.

Han meiner det er dei mange kritiske rapportane om korleis skulereformen Kunnskapsløftet har slått ut for yrkesfaga som er grunnen til at politikarane no ommøblerer yrkesutdanninga.

Er ikkje denne endringa eigentlig ei fallitterklæring for Kunnskapsløftet?

– Lat oss heller seie det slik; kunnskapsløftet versjon 2.0 blir betre for yrkesfaga, ler Leegaard.

Brei semje

Ideen om meir og fleksibel veksling mellom skulelæring og bedriftslæring har for tida temmelig brei støtte.

Både organisasjonar i utdanningssektoren og i arbeidslivet støttar opp om tanken. Også frå den politiske opposisjonen kjem det varme tankar.

– Det har vore positive forsøk med slike ordningar gjennom fleire år, det er bra at dette endelig kjem no. Det skulle eigentlig ha kome for fleire år sidan, seier Frps utdanningspolitiske talsmann på Stortinget, Tord Lien.

Kunnskapsminister Halvorsen meiner endringane som no blir presenterte kan tre i kraft ved skular som ønskjer det allereie til hausten.

Før det kan bli innført på alle vidaregåande skular må styresmaktene endre fag- og timefordelinga for dei fire yrkesfag-åra. I brei skala skjer dermed endringa først hausten 2014.

AKTUELT NÅ