Hopp til innhold

Omfattande svindelforsøk har misbrukt Elkjøp for å lure nordmenn

Tusenvis av nordmenn skal ha motteke svindel-postar frå nokon som gir seg ut for å vere Elkjøp. Eit omfang vi ikkje har opplevd før, seier Elkjøp.

Svindelforsøk frå personar som gir seg ut for å vere Elkjøp

LURERI: Slik ser svindelforsøka knytt til Elkjøp ut.

Foto: Skjermfoto / NRK

«Kontakt oss SNAREST angående din Samsong TV»

«Det er en pakke til deg i dag. Hent den nå»

«Forhåndsvisning av bestillingen din»

«Din Apple Iphone 6S er klar til å bli sendt»

Dette er nokre av inngangane på e-postar og SMS-ar som truleg har blitt sendt ut til tusenvis av nordmenn denne sommaren.

Verkar truverdig

Øystein Schmidt

ÅTVARAR MOT SVINDEL: Kommunikasjonssjef i Elkjøp, Øystein Schmidt, opplev at svindelforsøka er meir omfattande og truverdige enn tidlegare.

Foto: Elkjøp

Epostane ser svært truverdige ut, forklarer Elkjøp, som den siste tida har fått svært mange førespurnader frå kundar som har blitt lurt eller gjennomskoda svindlarane.

– Svindlarane brukar vårt merkenamn, logo og kopierer både grafiske element og informasjon frå våre nettsider, seier Øystein Schmidt, kommunikasjonssjef i Elkjøp.

Dette meiner han skil seg ut frå tidlegare svindelforsøk som ofte er lettare å gjennomskode, med skrivefeil og merkelege e-postadresser.

Lokkar med tilbod og gåvekort

Det er sendt ut både e-postar og sms-ar til svært mange nordmenn, også falske Facebook-sider er sett opp. Svindlarane lokkar med det som ser ut til å vere konkurransar, gåvekort, svært gode tilbod og falske stadfestingar på kjøp.

I e-posten blir du bedt om å gi opp betalingsinformasjon eller betale ein liten sum for å aktivere til dømes gåvekortet. Ofte får du beskjed om at det hastar, eller så vil tilbodet forsvinne.

– Fleire frustrerte kundar har teke kontakt, fordi dei har blitt lurt. No ynskjer vi å åtvare andre, seier Schmidt.

Brukar ressursar på å svare kundar

– Har svindlarane klart å ramme dykkar kundar direkte?

– Vi frykta at det var tilfellet, men har undersøkt grundig og ser at det ikkje er tilfelle. Det ser ut som at det er sendt ut til eit bredt spekter av tilfeldige nordmenn. Elkjøp er jo ei stor kjede, derfor er det mange som har eit forhold til oss.

Elkjøp vert ofte råka av denne typen forsøk, men opplev forsøka dei siste vekene som svært omfattande.

– Kva gjer de for å forhindre at forbrukarane vert lurt?

– Informasjon er vårt sterkaste våpen. Vi har åtvara gjennom vår nettside og i sosiale medium. Vi brukar også mykje ressursar på dette no, frå kundeservice og kommunikasjonsavdelinga, forklarer Schmidt.

Er det for godt til å vere sant, tenk igjen

Forbrukarrådet ser på utviklinga som skremmande. Dei opplev at kriminelle vert meir og meir avanserte, ettersom forbrukarane gjennomskodar dei som prøvar å lure ein.

Martin Skaug Halsos

UTVIKLING: Martin Skaug Halsos, pressekontakt i Forbrukarrådet, meiner utviklinga er skremjande. Han ber folk tenke seg om.

Foto: Ole Walter Jacobsen

– Ofte brukar dei kjende merkenamn som folk har tillit til. Det kan vere banken din, Ikea, VG eller Netflix, forklarer Martin Skaug Halsos, pressekontakt i Forbrukarrådet.

Han ber forbrukarane sjå etter teikn til svindel.

– Sjå korleis språket er, om bileta er truverdige, kva e-posten til avsendaren er. Ofte kjem e-postane frå andre adresser enn det som er kjeda si. Ein kan også sjekke nettsidene til butikken for å sjå om konkurransen er reell.

Å tenkje seg om to gongar er heller ikkje dumt.

– For eksempel har fleire blitt lurt av ei falsk VG-side gir ut Iphonar. Då bør ein spørje seg om det er reelt at VG vil lodde ut Iphonar, seier Halsos. Han åtvarar mot å dele konto- eller kontaktinformasjon.

Er noko for godt til å vere sant, er det ofte det, ifølgje Forbrukarrådet. Om populære produkt som Iphone eller dyre vesker vert gjeve ut gratis eller svært billig bør ein sjekke om mailen er truverdig.

– Om du i gamle dagar fekk tilbod om svært billig sølvtøy kunne det anten vere falskt eller tjuvegods. Svindel er ikkje noko nytt, men kjem i andre formar i dag, seier Halsos.

AKTUELT NÅ