Hopp til innhold

Omdømmeekspert: – Frp og Siv Jensen har fått døra midt i ansiktet

– Siv Jensen har ikkje berre møtt seg sjølv i døra, ho har fått døra midt i ansiktet, seier omdømmeekspert Jarle Aabø. Han meiner Framstegspartiet har fått ein alvorleg knekk i tilliten til veljarane etter løftebrotet i Krekar-saka.

Mulla Krekar

Mulla Krekar slepp ut av fengsel om ei dryg veke. Men Framstegspartiet har ikkje lukkast med ein plan for å sende han ut av landet.

Foto: Larsen, HÃ¥kon Mosvold / NTB scanpix

Lars Nehru Sand

NRKs Lars Nehru Sand seier det er vanleg at partia bryt løfter.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK
Sigurd Grytten, Zynk Communication & Leadership AS

PR-ekspert Sigurd Grytten trur partiet er innhenta av realitetane.

Foto: Burson-Marteller
Jarle Aabø

Jarle Aabø meiner krekarsaken er ei pinleg affære for Frp.

Foto: Johnny Syversen

– Å ikkje innfri politiske lovnader er alltid øydeleggande for alle parti. Samtidig trur eg at folk flest oppfattar at Frp verkeleg vil ha Krekar ut av landet, men får det altså ikkje til, seier Aabø til NRK.

– Ei pinleg affære

Jarle Aabø trur ikkje dette skadar tilliten som veljarane har til partiet på lang sikt, men meiner at tilliten har fått seg ein knekk. Han meiner likevel at dette er ei svært pinleg affære for partiet.

– Men folk gløymer fort, og det er jo ikkje akkurat ei bombe at politikarar bryt lovnader. Kor mykje dette skadar tilliten framover, er avhengig av korleis Framstegspartiet handterer si omdømmekrise, seier Aabø.

– Forvirrar veljarane

Politisk kommentator i NRK, Lars Nehru Sand seier det ikkje er uvanleg at eit parti bryt eit valløfte.

– Lenge har Frp sagt at dei skal sende mulla Krekar ut av landet innan 100 dagar etter at dei fekk makta. Det som er interessant her er at Framstegspartiet no adopterer heile forklaringa til tidlegare regjeringar og Arbeidarpartiet, seier Sand.

– Det er ikkje uvanleg at parti bryt eit valløfte. Men ofte skuldast det pengemangel eller uventa faktorar, legg Sand til.

Innhenta av realitetane

Sigurd Grytten i Zynk communication seier Frp har gitt inntrykk av at verda ser annleis ut enn det tidlegare regjeringar har sagt.

– Bompenge-saka har nok vore viktigare for veljarane til Frp enn det Krekar-saka har vore. Så det løftebrotet har nok vore verre enn at dei ikkje får sendt ut Krekar. Det dei får til, er ting som ikkje er fullt så viktig, som ståhjuling og poker, seier Grytten.

Han meiner Frp som ferske i regjering vert innhenta av realiteten:

– No veit dei kva som må til for å få igjennom saker. Difor er det ekstra viktig at dei innfrir på komande løfter.

AKTUELT NÅ