Hopp til innhold

Om homofile får gifte seg i kyrkja får du ikkje vite før i april

Du kan ikkje vente deg svar før 8. desember om korleis det gjekk med dine kandidatar i kyrkjevalet. Og svar på valets store diskusjon, om homofilt ekteskap, kjem først neste år.

Jevn strøm av velgere også til kirkevalget

MÅ VENTE: I april er første gongen kyrkjemøtet er samla og akn diskutere saka om likekjønna ekteskap i den norske kyrkja.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Det er kyrkjemøtet som skal ta den saka, og dei skal ikkje samlast før i april 2016. Det er det tidlegaste tidspunktet dette vil bli diskutert, seier direktør for Kyrkjerådet, Jens-Petter Johnsen.

2000 melde seg inn

Jens- Petter Johnsen

KREVJANDE: Jens-Petter Johnsen seier det har vore eit krevjande val for kyrkja. Dei skal no forske på valet som vart gjennomført måndag.

Foto: kirken.no

– I desember kjem den endelege oversikta over kven folk har stemt på, seier Johnsen.

Det er fleire årsaker til at resultatet ikkje kjem før i desember.

– Men om folk er nyfikne og vil finne ut av kven som fekk stemmer er det mogleg å gjere det før.

For førstkomande torsdag, 17 september, kjem resultatet av valet til menigheitsråd og bispedømmeråd. Då vert også resultatet av meninghetsrådsvalet offentleg.

– Deretter er det 24. september som tel. Då vert resultatet av valet av dei 65 av dei 77 leke medlemmene og valet av 11 prestar og 11 kyrkjelege lektilsette lagt fram.

Valet er indirekte og dermed skal det nytt val til av menigsheitsråda i Tunsberg, Agder og Telemark, Bjørgvin og Møre.

Og då vil dei som vil fort kunne rekne seg fram til kven som har fått stemmer.

Og interessa for valet har vore stor. Om lag 2000 har meldt seg inn i kyrkja i år, og aldri før har så mange brukt stemma si ved eit kyrkjeval.

Medietrykket får skulda

kirkevalg

DISKUSJON: I forkant av valet har det vore store diskusjonar om ekteskapsinngåing i kyrkja.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Vi er overvelda over responsen, og har hatt 10 000 frivillige som har arbeidd på 2500 valkontor for å ta imot alle som ville stemme, seier direktøren.

Årsaka til den store oppslutnaden rundt dette valet trur Johnsen ligg i det store medietrykket for forkant av valet.

– Kyrkjespørsmål har engasjert mange, det er tydeleg, Og det er saka om felles ekteskapsinngåing for likekjønna som har prega debatten.

Nytt ved årets kyrkjeval var også at det var mogleg å stemme på to lister.

– Det har vore eit krevjande val for oss. Vi kan ikkje dra veksel på kommunane sitt valapperat, seier direktøren.

– Alltid noko å bli betre på
kirkevalg 2015

VART PROVOSERTE: Eivind Eide (t.v.) og Lars Martin Mediaas meiner ein valfunkjonær på kyrkjevalet ikkje var nøytral måndag.

Dagen etter valet har det kome fleire kritiske røyster om korleis valet i kyrkja vart gjennomført. Avisa Vårt Land har mellom anna fått mange meldingar frå folk som ikkje er nøgde.

– Vi vil aldri kunne seie at dette var perfekt. Det er alltid noko vi kan gjere betre, og no skal vi ha ei eiga forsking på korleis kyrkjevalet vart gjennomført for å lære.

Kor mange røyster som har kome inn veit ikkje Johnsen enno.

– Vi får først svar på kor mange som deltok ved valet torsdag, og då vil vi nok også ha ei oversikt over korleis valet vart gjennomført.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ