Hopp til innhold

Oljefondsjefen bryt tausheita om middagen med Støre

Oljefondsjef Nicolai Tangen stadfestar til NRK at det var han som tok opp Jens Stoltenberg som ein passande sentralbanksjef under den omstridde middagen i mai.

Nicolai Tangen

Oljefondssjef Nicolai Tangen seier han hadde ei kort samtale med Jonas Gahr Støre om Jens Stoltenberg som sentralbanksjef i mai. – Han sitt namn vart kort nemnt i ein samtale om dei store utfordringane fondet står overfor.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Som TV 2 meldte måndag, var dåverande stortingsrepresentant Jonas Gahr Støre (Ap) og oljefondsjef Nicolai Tangen samla til middag heime hos deira felles ven Knut Brundtland i mai.

Allereie då vart Jens Stoltenberg nemnt som ein passande sentralbanksjef.

Det kom opp den situasjonen Noregs Bank er i, i eit internasjonalt landskap som er veldig krevjande strategisk og sikkerheitspolitisk. Og det vart sagt at det er ei oppgåve av ein slik karakter at ein type som Jens Stoltenberg, med hans erfaring, kunne leia den banken, sa Støre til NRK onsdag.

Fram til no har Tangen vore taus om kva som skjedde og kva han sa på middagen heime hos sonen til Gro Harlem Brundtland.

Eg kjenner meg igjen i framstillinga som Jonas Gahr Støre har gjeve til media. Som Støre seier varte temaet i under eitt minutt i ein samtale som varte i to timar om internasjonal økonomi. Jens Stoltenbergs namn vart kort nemnt i ein samtale om dei store utfordringane fondet står overfor. At fondet står overfor ei kompleks verd i endring er noko eg også har snakka om offentleg, og det var altså konteksten her, skriv Tangen i ein e-post til NRK via presseansvarleg Line Altvedt i oljefondet.

Han legg også til:

Det er openbert at både han og Ida Wolden Bache er veldig gode kandidatar, og eg har inga påverknad på denne prosessen.

Støre måtte dobbeltsjekke

Til Dagens Næringsliv har Støre avvist at Tangen sa at Stoltenberg var ein god kandidat, medan han til andre medium har sagt at det var Tangen som tok opp Stoltenberg sitt namn.

QxRvWO6ibIk

Statsminister Jonas Gahr Støre måtte dobbeltsjekke med Knut Brundtland kva som blei sagt under middagen. Her er dei to under Sentralbanksjefen sin årstale og middag i Noregs Bank for to år sidan.

Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

Overfor NRK fortel Støre at han nyleg har kontakta Brundtland om den omstridde middagen.

Har Støre snakka med Brundtland nyleg for å spørje om han hugsa ordvekslinga under middagen korrekt?

Ja, opplyser statssekretær Tale Jordbakke ved Statsministerens kontor (SMK).

Kva kom ut av denne dialogen med Brundtland om kven som tok opp namnet Stoltenberg?

Det blei nemnt av Tangen, Støre avviste samtalen med at han i ein slik gitt situasjon ville vere inhabil. Deretter blei temaet parkert, seier Jordbakke.

Kunstvener

Oljefondsjefen skal som utgangspunkt ikkje møte folkevalde utan at finansministeren er gjort kjent med dette. Det kom fram i ei sak i VG i samband med at Høgre hadde invitert oljefondsjefen til eit seminar og fekk avslag med følgande grunngjeving:

«I tråd med etablert praksis har ikkje oljefondsjefen møter med folkevalde organ utan at finansministeren er informert og fått høve til å vere til stades. Henvendingar frå Stortinget og folkevalde eller kandidatar til folkevalde verv til oss skal normalt skje gjennom finansdepartementet.»

NRK har difor spurt Tangen om det er i tråd med etablert praksis at oljefondsjefen møter folkevalde på middagar.

Til det svarar presseansvarleg at «det er riktig at vi har etablert ein praksis når det gjeld kven oljefondsjefen møter gjennom jobben. Vi har ikkje noko tilsvarande når det gjeld kven oljefondsjefen møter privat.»

Sentralbanksjefens årstale 2017.

Jonas Gahr Støre og oljefondssjef Nicolai Tangen var samla til middag heime hos deira felles ven Knut Brundtland.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Tangen sjølv utdjupar sin relasjon til investor og den statsminister Støre omtalar som ein av sine «aller beste og eldste vener», Knut Brundtland:

Knut Brundtland er ein mangeårig ven av meg og vi møtes difor med jamne mellomrom. Vi vart kjende gjennom ei felles interesse for kunst. Knut inviterte meg til middagen i kraft av å vere ein venn av han, ikkje i kraft av min jobb som oljefondsjef.

Støre har på si side sagt at han takka ja til middagen for å møte Tangen som oljefondsjef.

Eg fekk eit spørsmål om eg ville møte oljefondsjefen. Det hadde eg interesse av, eg syntest det var interessant å høyre kva han meinte. Eg var stortingsrepresentant, dette var i mai, sa Støre til NRK i vandrehallen på Stortinget onsdag.

Ifølgje Finansdepartementet blir ny sentralbanksjef utnemnt så raskt som råd.

AKTUELT NÅ