NRK Meny
Normal

Oljefond-selskap med dobbelt så store utslepp som Noreg

Selskap der Oljefondet har eigarinteresser står for dobbelt så høge CO₂-utslepp som det samla utsleppet frå Noreg, viser tal frå Oljefondet.

Statens Pensjonsfond Utland med kvartalsrapport.

Yngve Slyngstad då han la fram Oljefondet sitt resultat frå første halvår i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Det er nyheitsbyrået Reuters som presenterer tala frå Oljefondet, med toppsjef Yngve Slyngstad som kjelde. Selskapa fondet har investert står for utslepp på mellom 90 millionar og 100 millionar tonn.

Dette er altså nesten dobbelt så mykje som det samla norske utsleppet, inkludert i offshore. I 2015 var det samla norske utsleppet på 53,9 millionar tonn.

– Sal eller dialog

Slyngstad seier til Reuters at Stortinget har gitt Oljefondet mandat til ta tak i dette problemet. Det kan skje enten ved å selje seg ned og ut, eller å få i dialog med selskapa.

Det norske oljefondet er det største statlege investeringsfondet i verda.

Harald Martens Holm.

Harald Martens Holm er kommunikasjonssjef for Storebrand Bærekraft.

Foto: CF-Wesenberg

Oljefondet har dei siste par åra jobba med å kartleggje utsleppa frå investeringane sine. I juli i år vil Etikkrådet gi tilrådingane sine om Oljefondet sine investeringar i selskap med store utslepp av CO₂.

Oljefondet gikk 447 milliarder i pluss

Kritiserer oljefondet for å investere fossilt

Kommunikasjonssjef for berekraft i Storebrand, Harald Martens Holm, meiner at finansnæringa no må tenkje nytt.

– Overeksponert

– Pensjonen vår er overeksponert mot klimagassutslepp, som må reduserast kraftig om vi skal lukkast med å oppfylle Paris-avtalen. Dersom vi skal greie å skape langsiktige verdiar, må vi vri investeringane frå fossilt til fornybar energi, seier Holm.

Han meiner at dei fossilfrie indeksfonda til Storebrand viser at det alt no er mogleg å flytte investeringar frå fossil til fornybart utan at det går ut over risiko eller avkasting.

– Ingenting er i vegen for at Oljefondet både kan og bør redusere investeringane sine i fossil industri, legg Holm til.

Ber Oljefondet om økt åpenhet

Oljefondets avkastning på 3,8 prosent i første kvartal 

– Må tenkje nytt

Anne Jordtveit i miljømagasinet Energi og Klima er samd i at det no er på tide å tenkje nytt for Oljefondet.

– Tala er interessante akkurat no, ikkje minst fordi regjeringa på nytt har nekta Oljefondet å investere i unotert infrastruktur og fornybar energi. Det er noko som kunne ha gitt bidrag til kapital til energiomstillinga i verda. Både regjeringa sitt eige ekspertutval, oljefondsjef Yngve Slyngstad sjølv og administrerande direktør i Finans Norge, Idar Kreutzer, har tilrådd regjeringa å gi fondet høve til å gå inn i denne marknaden, som vil vekse i takt med energiendringa verda står framfor, skriv Anne Jordtveit i Energi og Klima.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger