Hopp til innhold

Drøymde om å bli lege

Som barn hadde forretningsmannen Olav Thon ein draum om å bli lege. Neste veke deler han ut millionar til hjerneforsking.

Ungdomstiden i Hallingdal har spilt en rolle, forteller Olav Thon i Lindmo.

Då eigedomskongen Olav Thon fylte 90 år i 2013, gjorde han om formuen på rundt 25 milliardar kroner om til den største stiftinga i Noreg. Og kvart år deler han ut pengar til ulike formål. Mykje av pengane går til medisinsk forsking.

I «Lindmo» laurdag fortel han kvifor han gir så mykje til dette formålet.

– Då eg var liten, ferierte oversøster Anne frå Rikshospitalet kvart år på setra i Hallingdal. Ho fortalde om alt ho gjorde, og alle ho møtte. Eg syntest det var spennande, og tenkte at eg ein dag også ville bli lege. Denne interessa for medisin har følgd meg sidan den gong.

Redd for å «gå i barndommen»

I år deler han ut 42 millionar kroner frå stiftinga. Mykje av pengane går i år til hjerneforsking. Thon ønsker at vi skal få vite meir om demens og Alzheimer. Dette var sjukdommar som folk visste lite om, men frykta, då han var ung.

Olav Thon på Sollihøgda i 1970

Olav Thon seier folk frykta demens og Alzheimer då han var ung. Her ved hytta på Sollihøgda i 1970.

Foto: Aage Storløkken / NTB scanpix

– I Hallingdal var det mange som klarte seg fysisk godt. Sjølv om dei blei styggamle, heldt dei ut. Men enkelte av dei «gjekk i barndommen». Folk visste lite om kva som var årsaka, men dei var redde for at dei skulle bli råka.

Tenker på kva som skal stå igjen etter han

Dei siste åra har det vore ein trend at rikfolk gjer formuen om til stiftingar. Kavli-fondet har i fleire år delt ut pengar til både kultur og medisinsk forsking. Også Kjell Inge Røkke har tenkt at store delar av verdiane han har bygd seg opp, skal gå tilbake til samfunnet. I utlandet har Microsoft-grunnleggar Bill Gates lenge vore raus med millionane til blant anna vaksinar.

Olav Thon i Vika Atrium i 1998

Olav Thon i Vika Atrium i 1998. Han er nå opptatt av at verdiane han har skapt skal jobbe vidare i framtida.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Olav Thon seier han forstår at enkelte synest det er rart at folk kan gi bort det dei har bygd opp.

– Eg kan godt forstå at enkelte synest det er underleg. Men ein ting er å tenke på kva eg har skapt. Noko anna er det å tenke på korleis dette kjem til å sjå ut i framtida.

Han trur difor mange av dei som sit på mykje pengar, vil gjere som han, og lage stiftingar som kan finansiere gode formål.

– Ved å etablere stiftingar, kan dei verdiane vi skaper i dag jobbe vidare i framtida.

Du kan sjå heile intervjuet med Olav Thon i «Lindmo» på NRK TV.

Ole Petter Ottersen og Olav Thon

Ole Petter Ottersen, rektor ved Karolinska Institutet og professor i medisin, og leiar av styret, Olav Thon offentleggjorde mottakarane av Olav Thon Stiftelsen priser i januar.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

AKTUELT NÅ