Hopp til innhold

Klar som ny nestleiar i Senterpartiet

Etter fleire år som politisk talent og «kronprins» i Senterpartiet, er Ola Borten Moe klar for nestleiarvervet.

Ola Borten Moe

Ola Borten Moe blir ny nestleiar i Senterpartiet.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

– Det er hyggeleg og spennande. Dette er noko eg ser fram til, seier Ola Borten Moe til NRK om sin nye posisjon i Senterpartiet.

Han er blitt sett på som eit politisk talent og kronprinsen i partiet i fleire år, men har også vore kontroversiell.

Gikk mot sentrum

Han har fronta sentrum i norsk politikk og gått hardt ut mot regjeringspartnar Sosialistisk Venstreparti. Nettopp dette førte til ei opa konflikt med partileiar Liv Signe Navarsete under landsmøtet for to år sidan.

Ho karakteriserte utspela til kronprinsen i partiet på denne måten:

– Eg les det som eit ønskje om å skape merksemd, kanskje like mykje om seg sjølv, som om politikken, sa ho.

– Vil samarbeide

Borten Moe seier dei to har lagt episoden bak seg.

– Vi jobbar no tett og godt saman. Det at vi var usamde for to år sidan, tenkjer eg ikkje kan hefte ved vårt forhold. Og det kan ikkje hefte ved partiet i all framtid. Eg ser fram til å halde fram med eit godt og konstruktivt samarbeid med partileiaren, seier han.

– Kan det bli fleire opne konfliktar mellom deg og partileiar Liv Signe Navarsete?

– Det håpar eg ikkje.

Lagspelar

Også leiaren i valkomiteen, Ivar Odnes, seier dei har fått forsikringar om at den nye nestleiaren vil vere ein lagspelar.

– Han har presisert at han går inn her som ein nestleiar som ønskjer å byggje laget saman med dei andre i sentralstyret, seier han.

Marit Arnstad ønskte ikkje å stille som kandidat til nestleiarvervet. Det ville derimot mangeårig stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen, men han er altså vraka av valkomiteen i partiet.

AKTUELT NÅ