Hopp til innhold

Økonomiprofessor meiner det var klokt å bytte ut Kjos no

Bjørn Kjos' avgang som Norwegian-sjef kan gjere det enklare å gjennomføre naudsynte endringar i selskapet, trur økonomiprofessor.

Bjørn Kjos forteller om hvorfor han går av som konsernsjef

Bjørn Kjos fortel om kvifor han går av som konsernsjef

Torsdag blei det kjent at Bjørn Kjos etter 17 år går av som konsernsjef i flyselskapet Norwegian. Finansdirektør Geir Karlsen går inn i rolla som fungerande konsernsjef. Kjos skal halde fram som rådgjevar for styret i selskapet.

Det har vore spekulasjonar rundt framtida til Kjos i lengre tid. Men tidspunktet for å gå, verkar å vere klokt, meiner professor i samfunnsøkonomi ved NHH, Frode Steen.

– Det vi har sett det siste halvåret er at vi har sett at Norwegian treng å gjere endringar, og dei gjer endringa. Seinast i dag leverer dei på endringar dei har planlagt å gjere. Når ein må gjere så store endringar i eit selskap der sjefen er så tett knytt til selskapet og merkevara som det Kjos har vore, kan det vere greitt at andre kjem inn og gjer jobben.

Finansdirektør Geir Karlsen i Norwegian

Finansdirektør Geir Karlsen går inn som fungerande konserndirektør i Norwegian til styret har funne ut kven som skal få jobben permanent.

Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix

Tett kopling

Bjørn Kjos har vore med å bygge opp flyselskapet, og har vore ansiktet overfor omverda. Han har vore ansiktet til selskapet for publikum, og har også hatt ein sterk posisjon internt.

– Det at han har eigd store delar av selskapet har gjort at det har vore ei tett kopling mellom dei ønska Bjørn har hatt for selskapet, og den vegen selskapet har gått, seier Steen.

Bjørn Kjos og Frode Steen smiler til hverandre

Professor i samfunnsøkonomi ved NHH, Frode Steen (t.h.) meiner det var naturleg at Bjørn Kjos gjekk av som konsernsjef i Norwegian no. Her er dei to saman på ein konferanse i 2014.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Norwegian har over tid gått med underskot, blant anna på grunn av ei satsing på langdistanseruter. No må dei justere strategiane, og då er eit leiarskifte naturleg, seier professoren.

– Dei gjer det lettare for seg sjølve, og Bjørn gjer det lettare for selskapet når han seier at han trekker seg, og lar andre bestemme vegen vidare.

– Fantastisk ettermæle

Styreleiar Niels Smedegaard i Norwegian er full av lovord om den utgåande konsernsjefen. Han meiner selskapet har mykje å takke Kjos for:

– Han får eit fantastisk ettermæle. Utan Bjørn Kjos hadde vi ikkje stått her i dag med det Norwegian vi har. Han har teke nokre val og sett ting som ingen andre i europeisk luftfart har sett.

Korleis?

– Den ekspansjonsstrategien han har hatt. Han har våga å ta moglegheitene og sett verdiane i ein ny, ung flåte med låg drivstoffbruk. Han ser moglegheitene innan langdistansesegmentet. Det er ei fantastisk reise.

Norwegians styreleder Niels Smedegaard om Bjørn Kjos` avgang.

Norwegians styreleiar Niels Smedegaard om Bjørn Kjos` avgang.

– Heilt eksepsjonelt

Nyheita om at Bjørn Kjos går av som konsernsjef kjem samtidig som dei la fram resultata for andre kvartal. Styret er no i gang med å finne arvtakaren som skal ta selskapet vidare.

Flyanalytiker Hans Jørgen Elnæs

Flyanalytikar Hans Jørgen Elnæs meiner Bjørn Kjos har god grunn til å vere nøgd med det han har oppnådd som konsernsjef i Norwegian.

Foto: NRK

Kjos har vore viktig i oppbygginga av Norwegian, seier flyanalytikar Hans Jørgen Elnæs til NRK:

– Det Bjørn Kjos og hans team i Norwegian har fått til, er heilt eksepsjonelt på verdsbasis. Han starta i nokre små brakker på Fornebu, for så å bli det leiande flyselskapet i verda på langdistanse lavpris. Ein skulle tru det ikkje var mogleg for ein norsk forrertningsmann og eit norsk selskap.

Han meiner Kjos har tatt mange riktige grep, som har ført selskapet der det er i dag.

– Han har tatt høg risiko. Blant anna har han bestilt store mengder med fly utan å ha jobb for flya. Han starta langdistanse frå London, med store og kostnadstunge flymaskinar med høg risiko. Utan å ha tatt desse grepa, ville nok ikkje Norwegian ha vore der dei er i dag, seier Elnæs.

AKTUELT NÅ