– Eg er eit levande prov på smertene atomvåpen førar med seg

Kunstnaren Karipbek Kuyukov (44) vart fødd utan armar og har mista tre av familiemedlemmene sine grunna skadar etter atomprøvesprenging. No er han i Oslo for å åtvare verda.

Karipbek Kuyukov

Misdanningar forårsaka av atomvåpen hindrar ikkje Kuyukov frå Kazakhstan å følgje kunstnarkallet.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Karipbek Kuyukov

Karipbek Kuyukov har blitt æresborgar i Kazakhstan for arbeidet sitt mot ei atomfri verd.

Foto: Jonas Sætre / NRK

– Eg er her i dag for å fortelje alle om alle dei grufulle og smertefulle konsekvensane av atomprøvesprenging, seier Karipbek Kuyukov frå Kasakhstan.

Kuyukov vart fødd i 1968 i ein landsby nordaust i Kasakhstan, som då var ein del av Sovjetunionen. Landsbyen ligg berre 100 kilometer unna episenteret til staden der Sovjetunionen utførte flesteparten av atomprøvesprengingane sine.

Dei starta sprenginga på slutten av 1940-talet, og haldt på heilt fram til 1989, med lite fokus på dei humanitære konsekvensane dette hadde.

Han er denne veka i Oslo, likeins med representantar frå 132 land, for å delta på ein konferanse om atomvåpen.

– Eg vart fødd utan armar som eit resultat av prøvesprenginga. Hjartet mitt fortel meg difor at eg bør nytta livet mitt til å fortelje om dette. Mange politikarar har ikkje sett konsekvensane av atomvåpen med sine eigne auge, så det er difor eg bestemte å vise dei korleis det er.

Semipalatinsk Test Site

Ded røde feltet på kartet viser Sovjetunionen sitt 18.000 kvadratmeter store testfeltet. Byar og landsbyar var like ved.

Foto: Wikimedia Commons

Mista tre familiemedlemmar

Trass i dei synlege medfødde skadane, har likevel Kuyukov vore blant dei heldige i familien sin. Han mista to av søskena sine, som døydde kort tid etter at dei vart fødd. Han mista også mora si av kreft, noko som truleg også kan relaterast til prøvesprenginga.

– Foreldra mine var førstehands vitnar til atomprøvesprenginga i Kasakhstan. Eg har sjølv sett svært mange familiar som har fått born med ulike misdanningar.

– Eg har sett smerta og tårene til mødrene deira. Det gjorde at eg bestemte meg for å nytte livet mitt til å skape ei verd utan atomvåpen, fortel 44-åringen til NRK.no.

Og det er ikkje berre gjennom taler at Kuykov ønskjer å skape merksemd rundt atomvåpen. Han ønskjer også å vise verda at det går an å trasse dei fysiske utfordringane, og skape noko positivt og vakkert ut av dei destruktive kreftene som har forma kroppen hans. Dette gjer han gjennom å male, der han nyttar munnen og føtene der dei fleste ville ha brukt armar.

Karipbek Kuyukov sitt bilete: The First Explotion

Kuyukov sitt maleri«The First Explotion» viser den første atomprøvesprengninga i Kazakhstan i 1949.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Vil skape engasjement hos unge

Han meiner det er spesielt viktig å få den unge generasjonen til å engasjere seg mot atomvåpen, sidan dette er ein generasjon utan minner frå den kalde krigen.

– Me er nøydd å vere meir aktive i dag. Me ser til dømes Nord-Korea som testar atomvåpna sine i dag. Me må ikkje tru at atomtrugselen er noko som tilhøyrde fortida, seier kunstnaren, som meiner at politikarar aldri vil kunne klare å rettferdiggjere bruk av atomvåpen.

– Å hevde at atomvåpen er viktig for beskyttelse blir berre feil. Det vil alltid gå ut over uskuldige menneske, og det bør ikkje spele nokon rolle kva nasjonalitet desse høyrer til, seier Kuyukov til NRK.no.

– Sannsynlegvis vil det skje ei katastrofe

Den internasjonale atomkonferansen opna i dag i Oslo. Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap), og høgkommissæren for flyktningar i FN, Antonio Guterres, var blant dei som ønskte velkomen til konferansen, som har som mål om å diskutere kor godt rusta verda er til å takle ei ny atomsprenging.

– Dessverre er det sannsynleg at det skjer ei atomkatastrofe i dette hundreåret. Fordi det allereie har skjedd. Og ting som har skjedd ein gong har ein tendens til å gjenta seg, sa Guterres under opninga.

Blant dei 132 landa som er representert på konferansen finn me ikkje atommaktene Russland, Kina, USA, Frankrike og Storbritannia. Men atommaktene og erkerivalane India og Pakistan var representert.

Demonstrasjon under atomkonferanse i Oslo

Utanfor konferansen ved Oslo Plaza var det samla takknemlege aktivistar frå 12 land i heile verda.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Vil tenkje nytt

Opningstalarane la fokus på dei humanitære følgjene av ei atomsprenging i dag.

– Det humanitære perspektivet har aldri stått fremst i diskusjonen. Me ønskjer å gjere det klart at det humanitære aspektet er like rettmessig som dei andre aspekta, seier president Peter Maurer i Den internasjonale Raudekross-komiteen til NTB.

Liknande bodskap hadde leiaren av Norsk Folkehjelp Liv Tørres, som også sto på talarstolen. Ho peika også på viktigheita om å vidareføre engasjementet til den yngre generasjonen.

– Me har ein ny «post-kald krig-generasjon» som ikkje opplever atomtrugselen på same måte som før. Me må skape ein mobilisering blant dei unge.

Atomvåpenkonferanse i Oslo, mars 2013

Det vart stort presseoppbud under opninga av atomvåpenkonferansen i Oslo. Til venstre FNs høgkommissær for flyktningar Antonio Guterres og utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Jonas Sætre / NRK

SISTE NYTT

Siste meldinger