Hopp til innhold

Odd Steinar sat oppå husruinane og ropte etter sambuaren og dottera

Odd Steinar og naboane kom seg oppå ruinane av det samanraste huset sitt. Han ropte på sambuaren og dottera, og trur han høyrde eit svar. Men både Ann-Mari og Victoria er framleis sakna.

Hus på skredkanten på Ask i Gjerdrum

Ni hus har blitt tatt av kvikkleirskredet i Ask i Gjerdrum kommune. Det vert framleis leita etter overlevande.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Rett før klokka fire på natta bråvakna Odd Steinar av at sambuaren, som han også er forlova med, rista i han og ropte at huset rasar. Dottera hadde kjent seg litt sjuk, så mor og dotter hadde sove på eit anna rom den natta.

Odd Steinar trudde først det var snakk om ein brann, og skunda seg mot utgangsdøra som er i etasjen under. Då han var kome seg til botnen av trappa, raste huset over han.

– Då var Ann-Mari og Victoria rett framfor meg, fortel Odd Steinar.

Kom seg ut ei lita opning

Han er usikker på om forloveden og dottera kom seg ut før huset raste. Sjølv vart han liggande i eit holrom der opninga ut mot inngangsdøra var for liten til at han kom seg ut. Men rundt han raste det meir, og etter litt opna det seg opp ein opning der han klarte å klatre ut.

– Utanfor var alt kaotisk. Det var heilt stille og mørkt, fortel Steinar.

Han var framleis usikker på kva som hadde skjedd, og lurte på om det hadde vore eit jordskjelv. Huset hans var heilt knust, og raskanten var altfor høg til at han kunne klatre opp.

– Naboane stod berre i undertøyet, men hadde fått med seg nokre dyner. Eg spurte kva som hadde skjedd, og han sa at han ikkje visste. Eg såg ingenting, for det var heilt bekmørkt, men eg oppfatta etter kvart at husa rundt også var borte, fortel Odd Steinar.

Politihelikopter over leirskredet på Ask i Gjerdrum

Då dagslyset kom tilbake var det tydeleg at skadane var store etter jordskredet i Gjerdrum.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Vart sittande på taket av huset

Han såg blålysa blinke, men det var altfor langt ned til der han og naboane stod. Dei vart sittande oppå ruinane til det samanraste huset, og Odd Steinar trur det tok halvannan til to timar før det kom eit helikopter som redda han ut.

Då han sat på huset ropte han på sambuaren og dottera si, og han trur han høyrde at dei svarte han eit stykke unna. Men i dag er han ikkje sikker på at han faktisk høyrde eit rop oppi alt kaoset, for verken sambuaren eller dottera er komne til rette etter skredet natt til onsdag.

– Eg har blitt meir og meir usikker. For då eg vart berga opp i helikopter og frakta til sjukehus var eg sikker på at eg kom til å treffe dei på formiddagen i går. Men det skjedde ikkje, så difor har eg blitt stadig meir usikker på om eg faktisk fekk svar då eg ropte, fortel Odd Steinar.

Har ikkje gitt opp håpet

Han synest det er ekstra tungt å vente på eit svar utan å vite noko.

– Eg veit at sjansane blir dårlegare jo lengre tid det tek. Men eg har ikkje gitt opp håpet, og det sa politiet også. At eg ikkje måtte gje opp håpet, for det er utruleg kor mykje ein person kan overleve, seier Odd Steinar.

No skal han kanskje skrivast ut frå sjukehuset, og han reiser kanskje til mor si for å vere saman med ho. Han er førebudd på at dagane som kjem vil bli tunge.

Rundt seg har vener og familie stilt opp og vore til stor hjelp i krisa som plutseleg oppstod natt til tysdag.

Ei av dei han har kontakt med er Anita, som er søster til sambuaren, Ann-Mari.

– Eg føler eg er i eit helvete som eg ikkje klarer å komme meg ut av. Det er det der med at alt er så usikkert. Eg klarer ikkje lukke augo, for alt blir berre rot, seier Anita.

Fekk håp då hund vart funnen i live

Ho har knapt fått blund på augo i natt. To timar søvn er alt, for tankane kvernar. Ho veit ikkje kor søstera Ann-Mari og niesa Victoria er.

– Det gjer vondt å ikkje vite om dei du er så glad i har det vondt. Kor er dei? Det er det eg går rundt og seier heile tida: Kor er Ann-Mari og Victoria? Kvifor? Det hadde vore mykje enklare om ein hadde fått eit svar på kor dei er, seier Anita.

Ho har framleis ikkje mista håpet. At hjelpemannskapet fann ein hund i live i natt har gjort til at ho tenker at håpet lever.

– Då eg vakna til det, så tenkte eg at det er håp. Når politiet går ut og seier at dei leiter etter overlevande, så er det håpet vårt, seier Anita.

politiets innsatsleiar, Roger Pettersen

Politiet seier dei framleis har håp om å finne overlevande. Her held politiets innsatsleiar, Roger Pettersen, ei orientering for pressa.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

AKTUELT NÅ