Hopp til innhold

Obligatorisk frammøte og fagleg innhald gav mindre fyll ved NHH

NHH innførte fagleg innhald og obligatorisk frammøte på dagtid under fadderveka etter at skulen fekk kritikk. Det har ført til mindre festing på kveldstid.

Eksteriør, NHH

NHH fekk kritikk i vår for å ha eit ekskluderande studentmiljø. Ved studiestart har skulen teke grep for å skape eit betre miljø både fagleg og sosialt.

Foto: Silje Katrine Robinson / NHH

Dei siste dagane har faddervekene ved dei høgare utdanningane fått kritikk for å vere for opptekne av fest og drikking. Onsdag gjekk også høgare utdanningsminister Iselin Nybø ut og oppmoda til eit meir edrueleg fokus.

Ved fleire av utdanningsinstitusjonane er det innført tiltak som er meint å skulle inkludere fleire. Ved NHH i Bergen har dei satsa på eit nytt opplegg under fadderveka med felles frukost og obligatorisk oppmøte til foredrag og gruppearbeid.

– Vi ville skape fleire sosiale møteplassar for studentane. Det er viktig for studentmiljøet at dei også kan møtast på dagtid, seier prorektor Linda Nøstbakken til NRK.

Fekk kritikk av studentar

Linda Nøstbakken

Prorektor Linda Nøstbakken ved NHH er godt nøgd med at så mange møtte opp til frukost og obligatorisk seminar under fadderveka.

Foto: NHH

I vår fekk NHH krass kritikk for å ha eit ekskluderande studentmiljø med lukka studentforeiningar. I tillegg kom det opp ein debatt om kvinnesynet ved skulen.

Under velkomstveka har det vore møter der det har vore snakka om NHH-kulturen og kva køyrereglar som gjeld ved skulen. Nøstbakken seier tiltaka ser ut til å ha fungert.

– Vi ser at folk møter opp og deltek på ein annan måte enn tidlegare. Sidan dette var obligatorisk, har vi ført oppmøte for å vise at vi meiner alvor. Og det er gode oppmøtetal.

Måndagen kom det så mange studentar samtidig at dei måtte dele ut mat i frukostkøen.

Avsluttar festen tidlegare

Isabelle Molander

Prosjektansvarleg Isabelle Molander i studentforeininga NHHS seier det verkar som om folk har avslutta festen tidlegare for å få med seg samlingane på dagtid under fadderveka.

Foto: Benedetta Bellotti / NHHS

Tidlegare har det vore studentforeininga NHHS som har hatt ansvaret for innhaldet under fadderveka. I år har dei samarbeidd med leiinga for å få arrangementa på kveldstid til å passe saman med dei obligatoriske samlingane på dagtid.

– Vi synest det har vore bra å samarbeide med leiinga. Og det ser også ut til at folk avsluttar kveldane tidlegare for å komme på samlingane på dagtid. Og det er positivt, seier prosjektansvarleg Isabelle Molander i NHHS.

Dei har også teke grep etter kritikken som kom i vår om eit ekskluderande studentmiljø ved at berre dei gruppene som er opne for alle får promotere seg på stand.

Skal evaluere tiltaka

Både skuleleiinga og NHHS skal no evaluere fadderveka og dei tiltaka som har vore prøvd ut i år. Men dei første tilbakemeldingane er positive, seier Nøstbakken.

– Dei vi har snakka med har vore positive. Men no skal vi evaluere og snakke med studentane om korleis tiltaka har fungert.

Dei neste vekene skal NHHS gjennomføre ei årleg studentundersøking der studentane evaluerer fadderveka anonymt, seier Molander.

– Det verkar som om det meste har gått bra, men vi er spente på kva tilbakemelding studentane gir. Resultata av undersøkinga blir viktige i planlegginga av fadderveka om eitt år.

AKTUELT NÅ