Hopp til innhold

Nytt møte mellom SSB og Finansdepartementet neste veke

SSB måtte legge fram endringar i omorganiseringa då dei møtte i Finansdepartementet i dag. Men saka er så kompleks, at dei må ha eit nytt møte neste veke.

Christine Meyer på veg inn til Finansdepartementet

SSB-sjef Christine Meyer på veg inn til møtet i Finansdepartementet tidlegare i dag. Der presenterte ho moglege endringar i planane om omorganisering i SSB. Det blir nytt møte neste veke.

Foto: NRK

SSB-sjef Christine Meyer blei kalla inn på teppet til Finansdepartementet i dag, etter at det kom fram at SSB ville kutte i talet på forskarar, og at dei skal publisere meir internasjonalt. Forslaget har også skapt reaksjonar på Stortinget.

I møtet i dag kom Meyer med ei utgreiing om korleis dei ønsker å endre omorganiseringa i SSB. Men dei kom aldri så langt at dei fekk diskutert konkrete tiltak rundt omorganiseringa. Dei blei difor samde om å møtast igjen i neste veke, seier Christine Meyer til NRK.

– Vi ser det er mange spørsmål rundt denne omorganiseringa. Vi har difor blitt samde om at vi skal møtast igjen om ei veke. Då skal vi sjå nærmare kva tiltak vi kan kome med for å roe ned situasjonen, sikre tilliten til SSB, og at vi leverer overfor Stortinget, departementa og partane i arbeidslivet.

Men du har kome med konkrete forslag for å møte kritikken?

– Eg har prøvd å vere konstruktiv, og prøvd å legge nokre forslag på bordet til finansministeren. Men vi blei ikkje ferdige i dag, og det skuldast at situasjonen er såpass kompleks at vi treng litt lenger tid til å tenke på korleis vi skal gjere dette, og kva som er dei rette tiltaka.

Forsking på innvandring

Erling Holmøy, forsker i SSB står foran en tavle

SSB-forskar Erling Holmøy er blant forskarane som har fått melding om å finne nye forskingsområde når SSB er omorganisert.

Foto: Ketil Kern

Ein av grunnane til at det i utgangspunktet blei bråk, var at blant andre Erling Holmøy måtte endre forskingsfelt som ei følge av omlegginga. Holmøy har forska på dei økonomiske konsekvensane av innvandring. Meyer ønsker ikkje å seie noko om dette var eit tema på møtet i dag.

– Det har eg ikkje lyst til å kommentere no. Det kan vi kome tilbake til når vi har hatt eit nytt møte i neste veke.

Den neste veka skal Christine Meyer bruke tida til å gå gjennom tiltak som gjer at ho kan kome kritikarane i møte.

– No skal eg jobbe med ein plan eg kan legge fram for finansministeren på det neste møtet vårt. Eg opplever at vi har ein god dialog og ein god tone oss imellom. Så eg gler meg til det møtet.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger