Det har vore dialog mellom partane etter at KS-styret tysdag sa at lærarane sin arbeidsgjevar vil koma med nye forslag til avtalar om løn og arbeidstid for å oppnå semje og slutt på storstreiken.
Utdanningsforbundet og KS sit torsdag i såkalla sonderingar.
– Sonderingane i lærarkonflikten held fram. Partane ønskjer ikkje å uttala seg til media så lenge sonderingane går føre seg, skriv kommunikasjonsrådgjevar i KS Marianne Fromreide i ei pressemelding like før klokka 13 torsdag.
Ingen formell førespurnad til regjeringa
Kommunal Rapport melde i ettermiddag at partane i lærarstreiken vil be regjeringa om hjelp til å løysa konflikten.
NRK veit at partane til no ikkje har retta ein formell førespurnad til regjeringa.
Regjeringa sitt bidrag vil vera avhengig av at partane først blir samde om ein ny arbeidstidsavtale. Regjeringa kan eventuelt bidra til rammene rundt oppgjeret, til dømes med redusering av byråkrati i skulen, etter det NRK forstår.
Trappar opp
Det er no over to månader sidan dei første lærarane blei tekne ut i streik. I dag blei streiken trappa opp og dryge 7800 lærarar er tekne ut av arbeid. 95.000 elevar er truleg råka av streiken - også barneskuleelevar.
Konflikten har lenge vore fastlåst, og det er kravet om meir bunden arbeidstid som er den største verkebyllen.
Andre årsaker til misnøye blant lærarane er auka rapporteringsplikt, byråkratisering av lærarrolla og at dei generelt opplever mistillit frå arbeidsgjevar