NRK Meny
Normal

Nynorsken tapar terreng i staten

Bruken av nynorsk har falle kraftig under Solberg-regjeringa.

Spynorsk mordliste

MINDRE BRUK: Generasjonar av skuleungdom har eit forhold til denne ordboka. I Staten fell nynorskbruken.

Staten har krav på seg om å nytta minst 25 prosent nynorsk i dokument. Nye tal frå Språkrådet viser at departementa nyttar nynorsk i stadig mindre grad.

Ikkje i nokon av dei fire kategoriane som Språkrådet brukar, er staten i nærleiken av å oppfylla kravet. Til dømes har prosentdelen stortingsdokument på nynorsk falle frå 26,3 prosent i 2012 til 16,8 prosent i 2016.

Staten produserer fleire dokument over ti sider på nynorsk no enn i 2012, men òg her fall prosentdelen frå 2015 til i fjor.

Linda Hofstad Helleland

SPRÅKANSVARLEG: Kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) er ansvarleg statsråd for nynorskbruken i regjeringa. Ho vitja Moldejazz i sommar.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Få nynorskstatsrådar

– Vi opplever ingen vond vilje. Men i kvardagen kan det vera lett å gløyma å nytta den andre målforma, seier seksjonssjef Kristin Solbjør i Språkrådet.

Kristin Solbjør

BEKYMRA: Seksjonssjef Kristin Solbjør i Språkrådet håpar at den fallande nynorsktrenden i staten vil snu.

Foto: Språkrådet

Ho trur det har noko å seia om statsrådane sjølve nyttar nynorsk. I regjeringa er det berre olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) og landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) som brukar nynorsk som hovudmål.

– Då Dale blei statsråd, fekk vi spørsmål frå det departementet med ønskje om nynorskkurs for alle tilsette. Dei fekk fem kurs hjå oss i 2016, seier Solbjør.

Best og verst

Landbruks- og matdepartementet er mellom dei beste departementa i å bruka nynorsk, og eitt av tre som totalt sett kjem over 25-prosentgrensa. Aller øvst tronar Statsministerens kontor. I den andre enden av skalaen ligg Forsvarsdepartementet og Utanriksdepartementet.

Justis- og beredskapsdepartementet hadde ikkje levert tal innan fristen.

I Utanriksdepartementet er dei samde med Språkrådet i at bruken av nynorsk må bli betre.

«Departementet tek dette på alvor og vil drøfte stoda med sikte på å utarbeide klare planar for målbruken. Vi ser for oss at til dømes fleire stortingsdokument bør vere på nynorsk», skriv kommunikasjonsrådgjevar i UD Marte Lerberg Kopstad til NRK.

Språkrådet har ingen måte å sanksjonera på overfor departement som ikkje følgjer lova.

– Det blir ein peikefinger frå oss, men òg eit tilbod om hjelp. Og oftast er det ein sanksjon som har effekt. Vi opplever at alle ønskjer å følgje mållova, seier Solbjør.

– Lær av oss

Statssekretær Bård Folke Fredriksen (H) i Kulturdepartementet vil nå gjera Språkrådets rapport kjend i dei andre departementa.

Bård Folke Fredriksen

VIL LÆRA VEKK: Statssekretær Bård Folke Fredriksen.

Foto: Olav Juven / NRK

– Vi har tatt grep i vårt departement og har fått opp nynorskbruken, mellom anna ved at toppleiinga avgjer målform på dokument. Andre kan læra av oss. Og Språkrådet har gode kurs, seier han.

– Kva synest regjeringa om dette nynorskkravet?

– Når vi har eit krav på oss, må vi prøva å etterleva det, seier Fredriksen.

PS: NRK har òg eit politisk krav om å bruka minst 25 prosent nynorsk. I 2015 var nynorskbruken vår over 25 prosent på radio og TV, men berre 18 prosent på nett.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger