Hopp til innhold

Nye testreglar skapar trøbbel for smittesporarane

Smittestopp-appen slit på grunn av nye testreglar. FHI vurderar å gje folk moglegheita til å registrera sjølvtestar sjølv, men det kan gje falske smittemeldingar.

Bilde av forsida på smittestopp-appen.
Foto: Terje Bendiksby / NTB

– Akkurat no vil dei nye testreglane gjer at nokon smittetilfelle ikkje vil bli registrert i smittestopp-appen.

Det fortel assisterande direktør i FHI, Gun Peggy Knudsen.

Fredag opna helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) for at personar med tre vaksinedosar eller tilsvarande slepp å ta ein bekreftande pcr-test. Endringane har enno ikkje trådt i kraft.

Dei treng altså ikkje å ta ein ekstra pcr-test om dei testar positivt på ein sjølvtest.

FHI meiner det er positivt at regjeringa har opna for at enkelte grupper skal sleppe å ta pcr-test.

Samstundes fortel avdelingsdirektør Line Vold at det kan påverke smittetala som blir rapportert.

– Endringa fører til at me truleg får færre registrert i registera våre. Det betyr at me må ta høgde for det når me skal vurdere smittetala me får ut av systema.

Det går også ut over varslinga i Smittestopp-appen, då det no ikkje er mogleg å registrere positive sjølvtestar i appen sjølv.

Gun Peggy Knudsen, FHI

DIREKTØR: Assisterande direktør i FHI Gun Peggy Knudsen.

Foto: Privat

Assisterande direktør Knudsen meiner appen framleis er eit nyttig verktøy som kan supplera smittesporinga, og at dei er i gang med å finne ei løysing.

– Me jobbar no med å ei moglegheit for å registrere sjølvtestar i Smittestopp-appen.

Risiko for falske meldingar

Tidlegare denne veka starta FHI ein SMS-kampanje for å få fleire til å lasta ned smittestopp-appen, som har som mål å dempe smittespreiing.

Etter kampanjen har appen over 130.000 nye nedlastingar. FHI reknar med at appen har omtrent 1 million er aktive brukarar.

Skjermdump Smittestopp-app sms

SMITTESTOPP: Onsdag starta FHI-sin SMS-kampanje, for å få fleire til å laste ned Smittestopp-appen.

Foto: Skjermdump

Å opne opp for å registrere positive prøvesvar frå sjølvtestar er likevel ikkje ei feilfri løysing, fortel Knudsen.

– Det vil medføra ein risiko for falske meldingar, då me ikkje har moglegheit til å kvalitetssikre sjølvtestane.

Får du ei varsling frå appen om at du har vore i nærleiken av ein smitta, vil det altså ikkje vere hundre prosent sikkert at meldinga er riktig fordi resultatet ikkje er bekrefta med ein pcr-test.

FHI jobbar med saka, og ser på tiltak som kan dempe risikoen for falske meldingar.

Knudsen fortel at dei framleis vil krevje innlogging for å registrere smitte, sjølv om varslinga vil vere anonym.

Eit anna tiltak er å sette grenser for kor mange gonger det er mogleg å registrere smitte.

– Dette er blant forholda me vurderar raskt no, samtidig som me må utvikla ei slik løysing så raskt som mogleg.

AKTUELT NÅ