Nye reglar kan gi deg meir skatt i år: Bussjåfør Kjell Arne får skattesmell på 30.000 kroner

Nye reglar frå 1. januar i år om arbeidsgjevar si innrapporteringsplikt av tips, frynsegode, gratisordningar og rabattar kjem til å gi auka skatt for mange grupper. For ein del kan det gi ekstreme utslag.

Bussjåfør Kjell Arne har i alle år fått reisekort for seg selv, kona og ett barn som en del av lønna. Nye regler vil gjøre at han må betale 30.000 ekstra i skatt.

SJÅ VIDEO: Bussjåfør Kjell Arne har i alle år fått reisekort for seg sjølv, kona og eitt barn som ein del av lønna. Nye regler vil gjere at han må betale 30.000 kroner ekstra i skatt.

Regjeringa seier dei endrar reglane for å gjere dei meir rettferdige og enklare å handtere, men kritikarane meiner at det berre vil føre til meirarbeid for bedriftene og auka byråkrati i det offentlege.

Bussjåføren Kjell Arne Myrvoll jobba for Nettbuss i Vanylven i Møre og Romsdal. Han har, som ein del av lønna, i alle år hatt frikort for seg sjølv, kona og eit barn.

Marknadsverdien er på 30.000 kroner for kvart frikort, sjølv om ingen av dei reiser for så mykje i løpet av eit år.

Det var FriFagbevegelse som fyrst skreiv om Myrvoll.

30.000 meir i skatt

Kjell Arne Myrvoll

Bussjåfør Kjell Arne Myrvoll er kraftig provosert over innføringa av nye reglar for innrapportering av gratisordningar og frynsegode. Han risikerer 30.000 kroner i auka skatt.

Foto: Privat

Etter dei nye reglane betyr det at Myrvoll vil få 90.000 kroner plussa på inntekta si, og det betyr rundt 30.000 kroner i ekstra skatt.

– For oss har dette ikkje vore eit frynsegode. Det er ei del av løna slik det står i tariffen. Det har og vorte fremja i rekrutteringa til yrket. Dette har sida tidenes morgon vore rekna som utsett løn. Det skulle komme deg til gode når du vart pensjonist, seier Myrvoll til NRK.

Han er usikker på om han vil halde fram i jobben.

– Er du ein familie med to vaksne og ein unge, går det med ei heil månadsløn til å dekkje dette. Enkelte ser har slutta i jobben fordi dei ikkje lenger har råd til dei månadlege rekningane.

SJÅ SENDINGA: Fredrik Solvang tok opp skatt på frynsegode og rabattar i Debatten på NRK1 i kveld.

Den erfarne yrkessjåføren er kraftig provosert, og han får full støtte frå forbundsleiar Jim Klungnes i Yrkestrafikkforbundet (YTF).

Han meiner skattestyresmaktene på denne måten tek strupetak på sjåførane .

Myrvoll meiner det kommande lønnsoppgjer må krevjast kompensasjon dersom frikortet ikkje lenger skal reknast som utsett løn.

Tips blir del av lønna

La oss sjå på andre eksempel, til dømes servitørar:

Det har lenge vore slik at tips frå gjester har vore skattepliktig, men hittil har det vore arbeidstakaren sitt ansvar å føre det opp på sjølvmeldinga. Og det er ei kjent sak at det har vore varierande praksis med kor mykje av tipsen som blir rapportert inn.

No blir dette endra slik at tips blir ein del av lønna, og det blir arbeidsgjevar sitt ansvar å rapportere inn pengane til skattevesenet.

Det betyr ekstra skatt på mange arbeidstakarar, og det fører også til ekstra arbeid for arbeidsgjevar.

NHO protesterer

NHO likar ikkje nyordninga.

Dei meiner at tips frå gjester er ei gåve frå kunden direkte til servitøren, og at det såleis ikkje har noko med arbeidsgjevar å gjere. Dei er redde for at meirarbeidet med å rapportere inn tipsen vil føre til inntektstap.

Jobbar du ein butikk, så er det ofte snakk om tilsett-rabatt på innkjøp. Det blir framleis lov, men ordninga blir kraftig regulert. No kan ikkje rabatten overstige 7000 kroner pr. tilsett pr. år og rabatten kan ikkje vere meir enn 50 prosent av marknadspris.

Det betyr kanskje ikkje så mykje om det er snakk om ein genser, ei jakke eller ei bukse, men det kan få store utslag for til dømes ein bilseljar.

Arbeidsgjevar er ansvarleg for å administrere ordninga, og NHO likar ikkje at det er bedriftene som må ta meirarbeidet endringane fører med seg

Skatt på trening

Dei nye reglane gjeld også rabattar som blir gitt til deg som kunde hos ein tredjepart, etter ein avtale som arbeidsgjevaren har forhandla fram. Det kan vere til dømes billegare medlemskap på eit treningssenter, som mange bedrifter har avtale om.

Heretter skal rabatten rapporterast inn av arbeidsgjevar, og du må betale meir skatt.

Sendinga startar kl. 2125 på NRK1.

Kutter bompengene med én milliard – men innkrevingen øker

SISTE NYTT

Siste meldinger