Hopp til innhold

Nye politihelikopter på veg til Noreg

To av dei tre nye politihelikoptera er no på veg frå produsenten i Italia til Noreg. Dei skulle vore her i februar.

Nye politihelikoptre

To av tre nye politihelikopter er på veg frå produsenten i Italia til Noreg.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Politidirektoratet stadfestar overfor NRK at to helikopter har starta på turen til Noreg. Dei skal ha fleire stans på ferda, slik at dei ikkje er venta til Oslo før om eit par dagar. Det er uklart om det er norske pilotar bak spakane eller om det er folk frå den italienske leverandøren.

Helikoptera skulle eigentleg har blitt leverte i februar i år, men leveringsdatoen vart utsett.

Lang rekkevidd

Dei nye helikoptera er av typen AW 169, og dei er leverte av den italienske produsenten Leonardo. Dei er utstyrte med to motorar og har plass til seks personar i tillegg til mannskapet.

Rekkevidden nye og gamle politihelikopter
Foto: Tom Bob Peru Aronsen / NRK/Grafikk

Helikoptera har ei rekkjevidd på 820 kilometer, medan dagens politihelikopter har ei rekkevidd på 635 kilometer. Toppfarten er 306 kilometer i timen, medan det noverande Airbus H135 har ei toppfart på 287 km/t.

Dette er den første lette helikoptertypen med fullt vern mot ising, slik at det kan ta av i vanskelege forhold på vinteren.

Mykje utstyr

Avanserte sensorar skal hindre kollisjon under avgang og landing, tredimensjonal vising av terrenget det flyg over og nattsyn. I tillegg til vanlege oppgåver som søk, spaning og transport, kan helikopteret også brukast som eldstøtteplattform for skarpskyttarar.

Det var i august 2017 at dåverande politidirektør Odd Reidar Humlegård skreiv under kontrakten om leveransen av nye politihelikopter med italienske Leonardo.

Politidirektoratet planlegg ein brei presentasjon av dei nye politihelikoptera tysdag om ei veke.

Nytt politihelikopter

Dåverande politidirektør Odd Reidar Humlegård skreiv under avtalen med den italienske produsenten Leonardo i august 2017.

Foto: Ola Mjaaland / NRK

AKTUELT NÅ