NRK Meny
Normal

Ny utsetjing for Norske Skog

Styret i Norske Skog har utsett fristen til å kome fram til semje om ein redningsplan for selskapet til måndag 9. oktober, opplyser selskapet i ei børsmelding.

Norske Skog presenterer ny redningsplan

Styreleiar Christen Sveaas måtte gå med på ei ny utsetjing for redningsplanen.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

I dag klokka 17 gjekk fristen ut for kreditorane og aksjonærane i Norske Skog til å bli samde om ein plan som skal berge konsernet. Opphavleg var fristen sett til fredag sist veke, men styret ville gi kreditorane og aksjonærane meir tid og utsette avgjerda først til tysdag denne veka og deretter til i dag.

– Vi vil halde fram dialogen med dei usikra og dei sikra kreditorane dei neste dagane for å sjå om det er mogleg å finne ei løysing, skriv styreleiar Christen Sveaas i børsmeldinga.

– Uoversiktleg situasjon

Lars Sperre er konsernsjef I Norske Skog ASA

Lars Sperre, konsersjef i Norske Skogindustrier ASA, kallar situasjonen for uoversiktleg.

Foto: Norske Skog

Konsernsjef i Norske Skogindustrier ASA, Lars Sperre, stadfestar at styret har utvida fristen.

– Situasjonen er uoversiktleg fordi styret i Norske Skog AS, der dei sikra obligasjonseigarane har fleirtal, har sagt nei til ei forlenging av fristen. Styret vil halde fram dialogen med kreditorane for å finne ei løysing, seier han til NRK.

Det kriseramma konsernet la måndag 18. september fram eit forslag til redningsplan som eit siste forsøk på å berge morselskapet Norske Skogindustrier ASA og fleire av dotterselskapa i konsernet.

Alternativt forslag

Denne planen gjekk ut på at dei noverande aksjonærane misser nesten alle verdiane sine, og at to tredelar av gjelda på ni milliardar kroner blir gjort om til aksjar. Seinare vart det klart at ei gruppe ikkje prioriterte aksjonærar ikkje ville gå med på planen, og dei la fram sitt eige forslag til løysing.

Det har vist seg at det er vanskeleg å få dei to grupperingane til å bli samde om ein felles planen.

Den nye fristen er sett til måndag 9. oktober klokka 17.

Tredje frist for Norske Skogs redningsplan nærmer seg

Mener Norske Skog ble tatt av stormannsgalskap

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger