Hopp til innhold

Byter ut radio med tastetrykk: – Kan vere skilnaden på å tape og vinne i ein krig

Før tok det soldatane mange minutt på radio å be om hjelp frå tyngre skyts. No kan dei få hjelp av kanonar og bombekastarar med fire tastetrykk.

Vognkommandør Peder Skollerud fra Telemark bataljon i en CV90 stormpanservogn.

Peder Skollerud er vognkommandør på denne CV90 stormpanservogna i Telemark bataljon. Eit nytt dataverktøy gjer at han og dei andre i vogna raskare enn før kan få hjelp av tyngre skyts.

Foto: Ingvil Øvretveit / NRK

– Hittil har vi kalla opp andre einingar via radio og fortalt dei kor vi ville dei skulle skyte. Det tok mange minutt, seier Peder Skollerud.

Han er vognkommandør på ei CV90 stormpanservogn og nestkommanderande i troppen.

I skytefeltet ved Rena er han med på å vise korleis ulike norske bakkestyrkar no kan sende måldata, melding om kor fienden står, mykje raskare enn før.

– No kan vi med fire tastetrykk sende den same eldordren i løpet av nokre sekund, seier Skollerud.

Den store 155 milimeter-kanonen av typen K9 Thunder skyt på målet fleire kilometer unna. Noreg kjøpte i 2019 og 2020 inn 24 slike artillerivogner til Hæren.

Den store 155 millimeter-kanonen av typen K9 skyt på målet fleire kilometer unna. Noreg kjøpte i 2019 og 2020 inn 24 slike artillerivogner til Hæren.

Foto: Lars Børsand Amdal / Forsvaret

Då kan radiosambandet samtidig brukast til annan kommunikasjon.

– Kan avgjere i ein krig

– Dette kan vere skilnaden på å tape og vinne i ein krig, seier Lorns Harald Bakstad ved Forsvarets forskningsinstitutt.

Han har i over 20 år forska på ulike våpen og krigføring. No er han leiar for ein aktivitet

Forskar Lorns Harald Bakstad ved Forsvarets forskingsinstitutt, FFI. Her ved ein gammal panserjagar NM116 som no står ved Forsvarsmuseet.

Forskar Lorns Harald Bakstad, Forsvarets forskingsinstitutt FFI.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

som heiter «Morgondagens hær». Bakstad meiner det er spesielt viktig for eit land som Noreg å ikkje hamne i bakleksa teknologisk.

– Vi må utnytte evna vår til å bruke teknologi for å oppnå ein effekt i forhold til dei som kan stille med meir utstyr og personell, seier han

Det er Hærens våpenskule som har funne fram til systemet som gjer at ordre om eld frå tyngre skyts kan sendast digitalt frå eit våpensystem til eit anna.

Vognkommandør og nestkommanderende i troppen, sersjant klasse 1, Peder SKollerud på stormpanservogna.

– Tida er avgjerande. Å få «eld i bakken» raskt, er viktig for vår moglegheit til å overleve, seier Peder Skollerud.

Foto: Ingvil Øvretveit / NRK

Under demonstrasjonen ved Rena har vognkommandør Peder Skollerud og mannskapa på to CV90 stormpanservogner oppdaga eit mål. Å få eldstøtte frå tyngre våpen er viktig for soldatane i ein strid.

Dei viser korleis dei med berre nokre tastetrykk sender melding til ei K9 artillerivogn som står fleire kilometer unna.

K9 er ein stor kanon på ei pansra beltegåande vogn. Kanonen kan skyte seks skot i minuttet med ei rekkevidd på 40 kilometer.

Mannskapet i den store kanonen har fått EI digital melding om kor fienden står og kan skyte når dei er klare.

På skjermen har mannskapet som styrer den store kanonen fått melding om nøyaktig kor målet er.

Foto: Lars Børsand Amdal / Forsvaret

Også ei avdeling med bombekastarar, som står mykje nærare, har fått den digitale eldordren. No nærast peprar dei målet med granatar.

Norske soldatar skyt med bombekastarar. Den med munningsflammen står på bakken, den andre står i stormpanservogna til høgre.

Soldatar skyt med bombekastarar mot målet dei har fått peika ut gjennom ei digital melding. Ein bombekastar står på bakken, den andre oppe i stormpanservogna til høgre i biletet.

Foto: Lars Børsand Amdal / Forsvaret

I mange land slit militære styrkar med å få ulike datasystem til å snakke godt saman. I den norske hæren bruker artilleriet (kanonar og bombekastarar) datasystemet Odin, mens CV90 stormpanservogner bruker systemet NorBMS.

– No har vi fått desse to systema til å snakke saman. Samtidig er fleire andre sensorar, til dømes kikkertar med lasermålar også kopla saman med Odin. Dermed kan måldata som hentast ut frå mange fleire stader gå saumlaust til artilleriet, seier oberstløytnant Mikkel Gorsetbakk.

Oberstløytnant Mikkel Gorsetbakk ved Hærens våpenskole.

Oberstløytnant Mikkel Gorsetbakk ved Hærens våpenskole.

Foto: Ingvil Øvretveit / NRK

All kommunikasjon mellom militære styrkar kan bli forstyrra av fienden, også desse digitale signala. Ifølgje Gorsetbakk er det difor vanleg å ha ein anti-jammeplan som ein del av planlegginga av samband.

– Eitt typisk tiltak er å ha fleire ulike sambandssystem tilgjengeleg. Om eit av dei blir forstyrra, kan ein bruke eit anna i staden, forklarar han.

Meir treffsikre

At meldingane går digitalt framfor over radioen gjer at det går fortare, det er mindre fare for feil, og at kanonar og bombekastarar treff meir presist.

Eksperimentleiaren ved Hærens våpenskule, Ola Petter Odden, seier at sjølv om teknologien er tilgjengeleg i mange land, så er det berre i Noreg vi gjer det på denne måten. Det gir han soldatane sine æra for.

– Vi har veldig oppegåande, dyktige soldatar og befal. Vi stoler på dei og fordeler arbeidsbyrda på fleire, medan dei i andre land lar sjefen gjere alle oppgåver, seier Odden.

Eksperimentleiaren, major Ola Petter Odden ved Hærens våpenskole (t.h), forklarar for andre offiserar korleis det nye digitale eldleiingssystemet verkar.

Eksperimentleiaren, major Ola Petter Odden ved Hærens våpenskole (t.h), forklarar korleis det nye systemet for å be om eldstøtte digitalt verkar. Til venstre oberstløytnant Sven Bjerke frå Forsvarets forskingsinstitutt og i midten major Tor Sellevold, Hærens våpenskole.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

Skulle Noreg bli utsett for eit angrep, kan teknologiske framskritt som dette vere avgjerande for dei norske styrkane.

I stormpanservogna seier vognkommandør Peder Skollerud at tida det tar å få hjelp frå tyngre skyts, kan vere avgjerande for soldatane i ein strid.

– Å få «eld på bakken» raskt er veldig viktig for at vi kan overleve, seier han.

Soldater fra Telemark bataljon på CV90 stormpanservogn.

Visekorporal Sander Øien (til venstre) og sersjant klasse 1 vognkommandør Peder Skollerud på ei CV90 stormpanservogn i Telemark bataljon.

Foto: Ingvil Øvretveit / NRK

AKTUELT NÅ