Ny studie: Fleire milliardar kan leva i ekstremvarme innan 50 år

I løpet av dei neste 50 åra kan opp mot ein tredel av befolkninga i verda slita med å overleva på grunn av ekstremvarme om klimagassutsleppa fortset som i dag. Det viser ein ny internasjonal studie.

Tørke i India

Illustrasjonsfoto: Under ein tørke i 2016 ber ei indisk kvinne ei krukke på hovudet for å henta vatn.

Foto: Sam Panthaky / AFP

Dette blir trekt fram som eit verst-tenkeleg scenario i studien, som er utført av forskarar frå Wageningen-universitetet i Nederland. Den er publisert i det amerikanske forskingstidsskriftet PNAS.

I studien blir det lagt fram forskjellige scenario for korleis den globale befolkninga vil bli ramma av klimaendringar i 2070. I eit verst-tenkeleg scenario med aukande klimagassutslepp, vil ein tredel av befolkninga i verda bu i område som er like varme som dei varmaste delane av Sahara er nå.

Studien legg til grunn at det vil vera 10 milliardar menneske på jorda i 2070.

Til og med i det best tenkelege scenarioet kjem over éin milliard menneske til å bu utfor det temperaturområdet som menneska har levd komfortabelt i dei siste 6000 åra, skriv The Guardian.

Meiner høgutsleppscenarioet er urealistisk

Forskarane bak studien har lent seg på prognosar frå hovudrapporten til FNs klimapanel IPCC frå 2014.

Jana Sillmann

Forskingsleiar ved Cicero, Senter for klimaforsking Jana Sillmann.

Foto: Monica Bjermeland/CICERO

IPCC-medforfattar og forskingsleiar ved Cicero, Senter for klimaforsking, Jana Sillmann, seier til NRK at det er stor forskjell på dei ulike klimascenarioa forskarane legg til grunn.

Det eine er eit høgutsleppscenario som heiter RCP8,5. Det andre er eit lågutsleppscenario som heiter RCP2,6. Lågutsleppscenarioet er det me får om me klarer å halda oss til Parisavtalen og ikkje overstig to grader auka oppvarming innan dette hundreåret er omme.

Ho seier vidare at høgutsleppscenarioet er ekstremt, og at det er urealistisk fordi me er nøydde til å kutta klimagassutslepp nå. Men ho legg til:

– Til og med i det best tenkelege scenarioet, vil menneske i mange fattige land i tropane og subtropane rundt ekvator, bli ramma av ekstremvarme. Dette er land som ikkje er klare for å takla slike endringar, seier Sillmann.

Bør ta inn klimakvoteflyktningar

– Situasjonen for menneske på flukt frå klimaendringar er allereie dramatisk. Berre i 2019 flykta 23,9 millionar menneske av klimarelaterte årsaker, seier seniorrådgjevar i Flyktninghjelpen, Pål Nesse.

Seniorrådgiver i Flyktninghjelpen, Pål Nesse

Seniorrådgjevar Pål Nesse i Flyktninghjelpen.

Foto: Flyktninghjelpen

Han meiner utsiktene studien gjev, er ekstremt alvorlege og at det i seg sjølv er kritisk at så mange kan komma til å måtta flytta på seg. Samtidig trekker han fram andre konsekvensar: At det kjem til å bli store problem med vassforsyning og produksjon av mat.

Nesse seier det er område langt frå Noreg som må ta mot dei mange klimaflyktningane i tida framover. Men han meiner Noreg må bidra på andre område.

– Noreg må kutta utslepp, gje støtte til land og område det vil komma mange flyktningar til, og at Noreg på sikt bør ta inn ei kvote av menneske på flukt frå klima som del av eit internasjonalt spleiselag.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger