Hopp til innhold

Ny SSB-rapport: Fleire lærarar gir ikkje betre karakterar

Ekstra lærarstillingar i ungdomsskulen har ingen effekt på karakterane. Det viser ein ny evalueringsrapport av satsinga på 600 nye lærarstillingar i ungdomsskulen for perioden 2013–2016.

Elever i klasserom

Fleire lærarar og mindre undervisingsgrupper gir ikkje betre karakterar og mindre fråvær, ifølge ein ny evalueringsrapport. Rapporten er utarbeidd etter at Stortinget løyvde 1,5 milliardar kroner til 600 nye lærarstillingar over fire år.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Hausten 2012 løyvde Stortinget 1,5 milliardar kroner over fire år til 600 nye lærarstillingar på ungdomstrinnet ved 166 skular. I evalueringsrapporten «Effekter av satsing på økt lærertetthet på ungdomstrinnet», som er utarbeidd av Statistisk sentralbyrå, Frischsenteret og Fafo, er konklusjonen at tiltaket hadde liten effekt.

– Vi har sett på eksamenskarakterar, standpunktkarakterar, resultat frå nasjonale prøver og følgd fleire dei første åra på vidaregåande for å sjå om dei fullfører. Vi vinn ingen teikn på at fleire lærarar fører til betre effektar eller resultat for elevane, seier SSB-forskar og prosjektleiar for evalueringa, Lars Johannessen Kirkebøen, til NRK.

Har brukt pengane på rett måte

I evalueringa har dei også undersøkt korleis pengane er brukte. Og det kan sjå ut til at pengane har gått til å rekruttere kvalifiserte lærarar og til å redusere klassene i særleg matematikk, norsk og engelsk. I tillegg var det færre elevar som måtte ha spesialundervisning. Likevel finn ikkje forskarane teikn til at dette har hatt ein positiv effekt for elevane.

I ei spørjeundersøking gjort med rektorane ved skulane som var med i prosjektet, blei dei presentert for ein førebels konklusjon om at ekstra lærarar hadde liten effekt. Rektorane blei spurde om dei trudde lærarane greidde å utnytte ressursane godt nok i undervisninga.

– Ein tredel av skuleleiarane svarte då at dei ikkje trudde lærarane tilpassa undervisninga i særleg grad, og prøvde ut andre former som kunne passe betre til mindre grupper, seier Kirkebøen.

Viktig med oppfølging

I budsjettforhandlingane mellom regjeringa og Venstre og KrF nyleg, var ein lærarnorm som skal gi fleire lærarar i klasserommet, eitt av stridstema. Dette var ei sak som var viktig for KrF, som også til slutt fekk gjennomslag for tiltaket.

Hans Fredrik Grøvan

Når det blir færre elevar per lærar, er det viktig at den ein del av den tradisjonelle tavleundervisninga blir erstatta med andre undervisningsformer som er meir tilpassa mindre grupper, seier Hans Fredrik Grøvan i KrF.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Utdanningspolitisk talsmann for KrF, Hans Fredrik Grøvan, meiner det er synd at skulane ikkje har klart å utnytte at dei har fått mindre undervisingsgrupper.

– Det er ikkje nok med fleire lærarar. Ein må også tilpasse undervisninga til at ein har mindre grupper ved hjelp av hjelpemiddel og meir individuell undervisning. Då meiner vi at resultata også vil kome.

Når lærarnorma no blir innført, er det difor viktig at skulane følger opp og erstattar ein del av tavleundervisninga med andre former for undervisning, seier Grøvan. Undervisning i mindre grupper kan også føre til at færre treng spesialundervisning fordi det blir færre elevar per lærar.

– Når færre elevar treng spesialundervisning, blir det lettare å integrere desse inn i dei vanlege klassene. Det fører også til mindre stigmatisering av dei som har lærevanskar, seier Grøvan.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger