Hopp til innhold

Ny skatteavtale kan gje billigare straum for denne brusfabrikken

Ei ny skatteordning skal gjere det lettare for bedrifter å inngå fast straumavtale. Finansministeren meiner det gir billigare straum. Kraftanalytikar er ikkje einig.

For den vesle brusfabrikken Roma på Lillestrøm har straumrekninga det siste året auka med fleire hundre tusen kroner.

– Det er kroner vi som liten lokal brusfabrikk gjerne skulle brukt på andre ting, som investering og utvikling, seier Katrine Bergersen Klemp, kommersiell leiar for Roma.

Det siste året har straumprisen i Noreg vore skyhøg og sterkt varierande. Det har ikkje berre gjort privatpersonar frustrerte, men også bedrifter.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum presenterer no ei ny skatteordning som gjeld bedriftene. Den kan gje dei fastpris på straum i lange kontraktar og på den måten sleppe dei store prissvingingane vi har sett til no.

Vi er veldig avhengig av føreseielegheit. Det er klart, no er vi 102 år gamle og vi verdsett langsiktigheit, seier Klemp.

– Kan selje billigare enn i dag

Regjeringa sender no ut eit forslag på høyring om endringar i grunnrenteskatt. Den vil endre kraftmarknaden og gi fastprisar til bedrifter som har slite med dei store svingingane i straumprisen.

– Bedrifter kan koplast vekk frå den dag til dag spotprisen, til meir føreseielege og lågare prisar som gjer at det er mogleg å planleggje drifta, seier finansministeren til NRK.

Vedum forklarar at i dag må kraftselskapa leggje inn ein stor margin på fastprisen på grunn av skatterisikoen.

– Det som gjer fastprisavtalar dyre i dag er eit risikopåslag, og når det blir borte kan dei selje billigare enn i dag, seier han.

– Vi har hatt ein utfordrande situasjon med auka straumprisar for heile norsk næringsliv, seier Ole Erik Almlid, administrerande direktør i NHO.

NHO ønskja seg opphavleg ei straumstøtteordning for bedriftene, men Almlid støttar likevel den nye ordninga.

– Vi er godt nøgde med at vi har fått på plass ei god ordning for næringslivet. Det trur eg mange kjem til å setje stor pris på, seier han.

Kan passe for vanlege folk

Det var Statkraft som kom med ideen, og administrerande direktør Christian Rynning-Tønnesen meiner at kundane og kraftprodusentane begge er tent med langsiktige kontraktar.

– Vi som kraftprodusentar blir skatta av det vi faktisk sel straumen for, og det vil gjere at tilbodet i marknaden for lange kontraktar vil bli mykje betre enn no og kome kundane til gode, seier han.

Administrerande direktør i Statkraft Christian Rynning-Tønnesen

Administrerande direktør i Statkraft, Christian Rynning-Tønnesen seier at kundane og kraftprodusentane begge er tent med langsiktige kontraktar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Han meiner også at ordninga passar for vanlege forbrukarar. Men det er ikkje vanleg at hushaldningar låser seg til straumavtaler på fem, sju eller ti år. Her samanliknar Rynning-Tønnesen det med ei fastrente på eit bustadlån.

– Ein kan velje å låse inn det bustadlånet ein har på ei fast rente over ein del år. På same måte kan ein kan også velje å låse inn straumprisen på ein fast pris over fleire år.

Les også Slik vil regjeringen gjøre strømmen billigere for folk flest

Oslo sentrum opplyst om kvelden, sett fra Ekebergutsikten

Kraftanalytikar meiner det ikkje gir billigare straum

– Når dette forslaget kom la eg merke til at det vart sagt at prisane kom til å bli mykje lågare. Det er eg ueinig i, seier Tor Reier Lilleholt, analysesjef i Insight by Volue.

Det er fordi han ikkje ser samanhengen mellom prisdanninga og det at ein endrar risikoen i skattesystemet som produsentane møter.

– Ja, det vil hjelpe produsentane til å ta mindre risiko, men eg trur ikkje nødvendigvis det påverka den endelege kraftprisen som blir danna kvar dag, seier Lilleholt.

AKTUELT NÅ