Hopp til innhold

Ny rekord i TV-aksjonen

Like etter midnatt var det samla inn 210 millionar kroner til TV-aksjonen "Saman for born".

 

Bøssebærere
Foto: NRK

Fra før heldt Lækjarar utan grenser rekorden med 206 millionar kroner.

Landsoversikten oppdaterast utover natta på tekst-tv side 431.

I år som i fjor ga Stoltenberg-regjeringa 30 millionar kroner.

Dronninga imponert

Dronning Sonja, som er innsamlingsaksjonen si høge beskyttar, er imponert over den valdsame dugnadsanda som kjem til syne kvar gång TV-aksjonen går av stabelen.

- Gjevargleda i Norge er veldig spesiell per capita, meiner dronninga som i september vitja Kenya der ho verkeleg fekk sjå kor ille mange born har det.

Dronning Sonja
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

- Ein ting som er viktig for meg, er å sjå sjølv, å ha kontakt med menneska, sjå deira bakgrunn og forstå deira situasjon, sa dronninga som mellom anna vitja slummen i Nairobi, der foreldrelause Winston gjorde eit svært sterkt inntrykk på ho.

Næringslivet på bana

Størstedelen kjem frå bedrifter, opplyser PR-ansvarleg Kristian Sarastuen.

- For tre dagar sidan hadde vi fått 15 millionar kroner frå næringslivet i Norge. Det er utruleg bra, seier Sarastuen.

Nytt fokus

I fjor fekk aksjonen inn 12,2 millionar frå bedrifter i forkant av innsamlingsdagen. Då vart det rekord.

- Vi har lagt mykje arbeid i å leggje til rette for næringslivet og lage løysingar som appellerar til dei. Difor trur eg vi har fått inn så pass mykje frå bedriftene.

- Dette skal bli tidenes innsamling. Eg er ikkje i tvil, sa prosjektleiar Per Jordal søndag og fekk støtte frå programleiar Dan Børge Akerø. 

Per Jordal og Dan Børge Akerø
Foto: Kristine Folland / NRK

LES MEIR:   TV-aksjonen 2007

AKTUELT NÅ