Hopp til innhold

Ny rapport: Ein av tre hushaldningar har fått ein dårlegare økonomi sidan januar

Andelen som slit økonomisk er aukande, ifølge ny rapport. – Det er enkelte faresignal her, seier forskar Christian Poppe.

Prisvekst

PRISAUKE: I møte med prisauken har mange norske hushaldningar stramma inn på forbruket – også på mat.

Foto: NTB/NRK

Ein tredjedel av norske hushaldningar har fått ein dårlegare økonomi sidan januar. Det kjem fram i ein fersk rapport frå Forbruksforskningsinstituttet SIFO.

Evna til å betale rekningar, renter og avdrag blir skildra som problematisk for ein fjerdedel av alle hushaldningar.

– Vi har fått ei dyrtid som har bygga seg opp sidan i fjor haust og forsterka seg gjennom vinteren. Då snakkar vi om høgare prisar på straum, drivstoff, mat og auka renter. Summen av dette slår ulikt ut og nokon blir ramma ekstra hardt, seier han.

To tredjedelar fortel at dei har måtte takle dei auka levekostnadane ved å avgrense forbruket sitt. Det inneber reduksjonar i straumforbruk, bruk av bil i tillegg til mindre sosial omgang.

21 prosent fortel at dei har redusert matbudsjettet for å få endene til å møtast. Dette talet stig til over 60 prosent blant dei som er hardast råka, kjem det fram i rapporten.

– Det er enkelte faresignal i denne rapporten og det er den høge andelen som fortel at dei må spare inn på matbudsjettet. Det er jo grenser på kor lite ein kan bruke på mat og for enkelte har ein jo allereie hatt lite pengar til mat, seier Poppe.

Hovudårsak: Auken i straumpris

Forskarane har intervjua eit representativt utval med utgangspunkt i dei 2,1 millionar hushaldningane som finst i Noreg.

Samanlikna med juni 2021 er andelen som slit økonomisk aukande, slår rapporten fast.

Sjølv om det er den generelle prisauken som monnar er det éi hovudårsak som slår spesielt hardt ut, ifølge forskaren.

– Straumprisen har vore den viktigaste enkeltfaktoren, seier han.

Les også Straumprisen over 4 kroner kilowattimen for første gong

En collage av vann, strømmaster og en vaskemaskin som durer og går.

66 prosent av hushaldningane fortel at dei har hatt utfordringar med å betale straumrekninga.

Folk i Nord-Noreg har vore mindre ramma av prisauken enn i sør. Forskjellane på straumprisen er årsaka.

Dei tre siste vekene har straumprisen i Sør-Noreg vore heile 131 gonger dyrare enn i Nord-Noreg, viser tal frå straumbørsen Nordpool.

Høyspentlinje og vindmøller i Høg-Jæren energipark.

Ifølge SIFO si undersøking er det straumprisen som er den viktigaste enkeltfaktoren bak tilbakegangen i mange hushaldningar si kjøpekraft.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Draumen om bustad blir fjernare

Frå i fjor sommar til i år har konsumprisindeksen stige med 6,3 prosent i Noreg.

I haust og vintermånadane var det spesielt den enorme veksten i straum og drivstoff som råka hushaldningane tyngst.

Mia Vaagen Holm Johnsen merkar prisauken og fortel at draumen om bustad blir fjernare og fjernare.

– Draumen har gått frå å eige eit bruk, til eit hus, til ei leilegheit, til ei leilegheit med eige soverom. Det blir jo berre mindre og mindre, det ein drøymer om, seier ho.

Mia Vaagen Holm Johnsen

Mia Vaagen Holm Johnsen fortel at ho har endra matvanar i lys av prisauken. Draumen om eigen bustad blir også fjernare.

Foto: Vegard Haugland Strand / NRK

Les også Frå i dag må du betala meir for desse daglegvarene

Extra Grünerløkka

– Verre enn koronakrisa

Forskar Christian Poppe meiner denne priskrisa slår breiare og verre ut enn koronakrisa.

– Korona var målretta og ramma enkelte næringar. Dette er ei krise som slår mykje breiare ut, fordi ho rammar alle, seier han.

Det er også slik at mange har fått det verre etter koronakrisa og dermed står i eit mykje dårlegare utgangspunkt.

– Vi har nettopp vore gjennom ein koronakrise kor mange brukte opp reservane dei hadde i form av sparepengar. Det er ein kjerne her som har eit mykje dårlegare utgangspunkt idet vi har fått ei ny krise så tett på koronapandemien, seier han.

Christian Poppe

Forbruksforskar Christian Poppe meiner priskrisa slår verre og breiare ut enn koronakrisa. – Prisauken rammar alle, seier han.

Foto: Geir Ingar Egeland / NRK

NHO: Folk trykkar hardare på bremsa

NHO merkar at det generelle forbruket har endra seg markant frå tida under pandemien, då handlemønsteret i stor grad var retta mot produktkjøp.

I etterkant har dette gått i retning av tenester med reise, restaurant og aktivitetar.

No har folk orienterte seg i større grad mot det nødvendige.

– Det er ingen tvil om at auka renter, drivstoffprisar og straum får oss til å tenke ekstra på kva vi puttar i handlekorga, seier bransjedirektør i NHO service og handel, Linda Vist.

Generelt sett er omsetning i handel framleis over nivået om vi samanliknar med tal frå før pandemien.

– Ei normalisering er ikkje uventa, men med det økonomiske biletet vi har no, trykkast det hardare og kjappare på bremsa, seier ho.

AKTUELT NÅ