Hopp til innhold

Ny rapport om Ringeriksbanen: – Ta eit steg tilbake!

Prosjekteringa av Ringeriksbanen og ny E16 bør gjerast på nytt, foreslår ekspertar i ein fersk rapport. Dei grunngir det med at det ikkje er gitt at eit jernbaneprosjekt er eit godt miljøtiltak.

Ringeriksbanen

Store ord og kake då regjeringa Solberg i 2015 lova satsing på Ringeriksbanen. Her med dåverande partileiar i KrF, no samferdselsminister, Knut Arild Hareide, Siv Jensen og Trine Schei Grande.

Foto: Anette Skafjeld / NRK

Dette er konklusjonen i det som skulle vera den siste eksterne kvalitetssikringa av prosjektplanene for jernbane og ny E16 mellom Sandvika i Bærum og Hønefoss.

Denne våren skal regjeringa vedta investeringa, som kan enda opp med ein prislapp på opp mot 40 milliardar kroner.

Ringeriksbanen er meint å vera den grøne sida av denne samferdselssatsinga, men forskingsleiar for transportøkonomi ved Møreforsking, Eivind Tveter, seier det rett ut:

– Det er ikkje gitt at eit jernbaneprosjekt er eit godt miljøtiltak.

Sterke politiske føringar

Saman med konsulentselskapet Marstrand leverte Møreforsking kvalitetssikringsrapport (KS2) om Fellesprosjektet Ringeriksbanen E16 mellom Sandvika i Bærum og Hønefoss. Dette er eit prosjekt både statsminister Erna Solberg og dåverande finansminister Siv Jensen, saman med Krf og Venstre, lova å realisera. Noverande samferdselsminister Knut Arild Hareide var som tidlegare KrF-leiar ein av dei som talte varmt for prosjektet:

Heilt jomfrueleg terreng skal vi byggje jernbane i, sa han då regjering og samarbeidspartia den gongen, varsla storsatsinga.

Men no møter også det jomfruelege motstand hos fagfolka i Møreforsking og Marstrand. Forskingsleiar Eivind Tveter meiner elektriske bilar, bussar og lastebilar kan vera framtida.

Les også: Jernbaneutbyggjing kan tape mot utslippsfrie bilar

– Spesielt Ringeriksbanen vil ha store kostnader med driving av tunellar og gå ut over våtmarksområde. Det vil ta veldig lang tid før ein får netto klimavinst av å byggje jernbaneprosjektet Ringeriksbanen, seier han.

Kortare reisetid Oslo - Bergen

Kostnadsauken har vore enorm for prosjektet som skal redusera togreisa mellom Oslo og Bergen med ein time og utvida Inter City-satsinga på det sentrale Austlandet. Prisen har forlengst passert 30 milliardar kroner, og prosjektet har blitt utsett fleire gonger. Tveter tvilar rett og slett på konseptet slik det framstår i dag.

Ringeriksbanen - tidslinje mai'20

Både byggjestart og ferdigstilling av Ringeriksbanen har blitt utsett fleire gonger. I mai 2020 var ferdigstilling av prosjektet planlagt til 2029.

– Vi stiller spørsmål ved at det ikkje blei gjenomført kvalitetssikring av konseptvalet, og spesielt når det gjeld prosjekt som er så enorme og kostar så mykje som det Ringeriksbanen og E 16 gjer. I tillegg har det no gått så lang tid sidan valet blei gjort, at vi stiller spørsmål ved om den er haldbar, seier han.

– Er den rett og slett gått ut på dato?

Ja, det er ein fare for at den opphavelege utgreiinga har gått ut på dato. Kostnadsestimatane har auka betydeleg sidan vedtak blei gjort, og det har skjedd mykje på andre frontar dei siste dryge ti åra, seier Tveter.

Politisk hastverk

Hastverk i dei politiske prosessane blir i rapporten sett på som årsaka til det Mørforsking og Marstrand kallar eit svakt grunnlag til å vedta bygging av Ringeriksbanen og ny E16.

– Men det viser berre at politikk har gått framfor fagleg planlegging, meiner Tveter.

No rår han samferdselsdepartementet til å vurdera å gå eit steg tilbake.

– Banenor og Statens vegvesen har aldri fått høve til å gjera ei god «ovanifrå og ned»-utgreiing ved val av korridor. Og med tanke på kor mykje som har endra seg sidan den opphavelege utgreiinga blei gjort, burde ein no vurdera å gå eit steg tilbake og trekkje dei store linjene på nytt.

Det betyr ny utgreiing og nye planar for å auka den samfunnsøkonomiske nytta av prosjektet. Men dette kan ta fleire år.

– Vi som eksterne kvalitetssikrarar meiner at det viktigaste er å vera sikker på at ein vel den beste løysinga for prosjektet, og vurderer om det er kanskje er betre å bygge vegen før jernbanen, eller omvendt.

Og dersom det blir ein gong i framtida blir ein Ringeriksbane, opnar den ferske rapporten opp for å byggja enkeltspor frå Sandvika til Hønefoss.

– Er ikkje det å kjøra toget baklengs inn i framtida?

Etter vår vurdering kan ein spara opp mot 10 milliardar ved å velja enkeltspor, seier Eivind Tveter.

Statssekretær John-Ragnar Aarset (H) i samferdselsdepartementet skriv dette i ein e post til NRK:

«Det er riktig at departementet mottok sluttrapporten for KS2 av FRE16 fra Marstrand AS og Møreforsking Molde AS i januar. Rapporten inneholder en rekke vurderinger og anbefalinger, som vi skal sette oss godt inn i.

Vi venter også på et samordnet innspill fra Jernbanedirektoratet, Bane NOR og Statens vegvesen med kommentarer til rapporten. Dette prosjektet er ett av mange prosjekter som vurderes i forbindelse med at vi legger frem Nasjonal transportplan denne våren. Vi må smøre oss med litt tålmodighet inntil planen legges frem og vi ser helheten av det regjeringen velger å prioritere.»

AKTUELT NÅ