Hopp til innhold

Ny rapport: Ti grep for å unngå klima-katastrofe

Eit internasjonalt krafttak må skje i løpet av dei 15 neste åra for å unngå katastrofale klimaendringar, ifølgje ein ny klimarapport. Rapporten føresleg ti punkt for global handling.

Frederic Hauge

- Bellona har i mange år hatt som hovudbudskap at klimainnsats ikkje treng å vera dyrt, men tvert imot kan skapa vekst. Denne rapporten gir oss utvetydig støtte, seier Bellona-leiar Frederic Hauge.

Foto: Andersen, Aleksander / NTB scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima


Er det mogleg å ha fokus på klima og samstundes oppnå vedvarande økonomisk vekst ?

Ja, meiner forfattarane bak rapporten «The New Climate Economy».

Rapporten blir presentert i Oslo, New York og i Addis Abeba klokka 15 norsk tid tysdag, men blei lagt ut på internett allereie i føremiddag.

– Dei 15 neste åra er kritiske

Det er Den globale kommisjonen om økonomi og klima som står bak rapporten. Noreg var ein av initiativtakarane til den, og Jens Stoltenberg er blant medlemmene i kommisjonen.

Det er også Stoltenberg som i dag legg fram rapporten for statsminister Erna Solberg og Klima- og miljøminister Tine Sundtoft i Oslo.

Kommisjonen slår fast at menneskeheita kan bli offer for ekstreme og irreversible klimaendringar med mindre det blir sett i gang viktige og djuptgåande klimatiltak i løpet av dei neste 15 åra.

Utan handling er det nærmast utvilsamt at gjenomsnittstemperaturen på jorda kjem til å overstiga 2 grader celcius, det såkalla «togradersmålet» som det internasjonale samfunnet har forplikta seg til å jobba mot, heiter det i rapporten.

Den påpeikar at me kan me få ein temperaturauke på heile 4 grader ved utgangen av dette århundret dersom me held fram slik me gjer i dag.

Forskarane i Klimapanelet til FN meiner at ein temperaturauke på to grader er grensa for kva naturen kan tola før klimaendringane blir både alvorlege og ute av kontroll.

Ti punkt for å unnga katastrofe

Rapporten har som føremål å gje leiarar i offentleg og privat sektor eit informasjonsgrunnlag for å ta økonomiske avgjerder som både stimulerer til økonomisk vekst og til bærekraftig miljøforvalting.

Kommisjonen ber no sentrale leiarar rundt om i verda om å følgja ein global handlingsplan med ti viktige råd:

  1. Akselerera overgangen til ein lågkarbon-økonomi ved å innføra klimaomsyn som eit bakteppe i alle økonomiske avgjerdsprosessar.
  2. Binda seg til ein kraftfull, varig og rettferdig klimaavtale som støttar opp om internpolitiske reformer, gir naudsynt støtte til utviklingsland og sender sterke signal til investorar i finansmarknaden.
  3. Fasa ut subsidiar til fossilt brennstoff
  4. Føreseielege prisar på CO2-utslepp
  5. Redusera kostnadene ved investeringar i lågkarbo-infrastruktur
  6. Meir forsking på lågkarbon- og klimavenleg teknologi. Ei tredobling av offentleg støtte til utvikling av miljøvenlege energikjelder.
  7. Leia den urbane utviklinga i retning av meir kompakte og samankopla byar og investera i effektive og trygge kollektivsystem.
  8. Stoppa avskoginga av naturleg skog innan 2030 ved bl.a. å styrkja insentiva for langsiktige investeringar og skogvern.
  9. Gjenoppretta minst 500 millionar hektar med øydelagt skog og jordbruksareal innan 2030, styrkja inntektene til landbruket og betra mattryggleiken.
  10. Få fart på overgangen vekk frå kolfyrt kraftproduksjon.

Prislapp: 40.000 milliardar kroner

Frederic Hauge

- Bellona har i mange år hatt som hovudbudskap at klimainnsats ikkje treng å vera dyrt, men tvert imot kan skapa vekst. Denne rapporten gir oss utvetydig støtte, seier Bellona-leiar Frederic Hauge.

Foto: Andersen, Aleksander / NTB scanpix
Leder i Natur og Ungdom, Arnstein Vestre

Startskotet for fornybar-Noreg, seier Natur og Ungdom-leiar Arnstein Vestre om den nye klimarapporten.

Foto: Pressefoto/Natur og UNgdom

For å oppnå alt dette trengst det om lag 40.000 milliardar kroner i investeringar globalt kvart år dei neste 15 åra, ifølgje kommisjonen.

Sjølv om det kostar å leggja om til eit klimavenleg samfunn, vil det ifølgje forfattarane løna seg på lang sikt - også økonomisk.

Klimavenleg politikk er ikkje ein hemsko, men ein pådrivar for sterk og varig økonomisk vekst konkluderer rapporten «The New Climate Economy».

Miljøstiftinga Bellona gler seg over konklusjonane i rapporten, og meiner den knuser mytane om at klimainnsats er dyrt.

– Mange har hevda at det blir dyrt å dra verda over på eit klimariktig spor. Den nye rapporten er krystallklar: Det er ganske enkelt feil, fastslår Bellona-leiar Frederic Hauge.

Hauge hyllar kommisjonen sine råd om å byggja fleire tette og smarte byar, og om å få fart på overgangen frå fossile til fornybare energikjelder.

– Fornybart er på veg til å endra energimarknadene fullstendig. Dette er eit varsko for dei som vil føra Noreg enda lengre inn i oljeavhengigheita – og ei gladmelding til alle som er uroa for klimaendringane.

Natur og Ungdom kallar omtalar rapporten som startskotet for fornybar-Noreg.

– Skal me unngå å koka kloden må vi byrja å handla, no! Noreg ligg langt bak skjema for å oppfylla dei norske måla om utsleppskutt. No er det viktig med politikk som faktisk bidreg til store kutt på heimebane, seier Arnstein Vestre, leiaren i Natur og Ungdom.

125 regjeringstoppar til klimatoppmøte

Konklusjonen i rapporten frå Den globale kommisjonen om økonomi og klima er basert på praktiske erfaringar frå fleire land, byar og verksemder i ulike delar av verda.

Desse pionerane har oppnådd positive resultat som viser at klimavenleg politikk og varig økonomisk vekst kan gå hand i hand, ifølgje kommisjonen.

Rapporten kjem ei veke før FN sitt klimatoppmøte i New York tysdag neste veke. Det er generalsekretær Ban Ki-moon som har teke initiativ til møtet for å få fart i dei internasjonale klimaforhandlingane. 125 stats- og regjeringssjefar deltek.

Erna Solberg fortel under pressekonferansen frå klokka 15 i dag om Noreg sine førebuingar til klimatoppmøtet.

AKTUELT NÅ