Ny rapport om Forsvaret: Ikkje godt nok rusta

Noreg må styrkja nærværet i nord, samarbeida meir med allierte og bruka meir av ressursane på operativ verksemd, meiner ei uavhengig ekspertgruppe som har evaluert Forsvaret.

En ekspertgruppe ledet av Professor Rolf Tamneshar ga i dag regjeringen råd om hvordan forsvaret kan forbedres.

Den uavhengige regjeringsoppnemnde ekspertgruppa som har evaluert Forsvaret, meiner fem "kritisk viktige" tiltak må på plass for at Noreg skal ha eit velfungerande forsvar. Gruppeleiar Rolf Tamnes presenterte tysdag rapporten for forsvarsministeren.

Professor Rolf Tamnes ved Institutt for forsvarsstudier i Oslo.

Professor Rolf Tamnes ved Institutt for forsvarsstudiar (IFS) har leidd ekspertgruppa sitt arbeid med å evaluera Forsvaret.

Foto: IFS

Det er Forsvaret si evne til å løysa dei mest krevjande oppgåvene i krise og krig som har vore under lupa.

I føremiddag overleverte ekspertgruppa sin dom til oppdragsgjevaren, forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H).

– Det norske Forsvaret er ikkje godt nok rusta til å møta det nye risiko- og trugselbiletet, seier leiaren for ekspertgruppa, professor ved Institutt for forsvarsstudiar (IFS) Rolf Tamnes.

– Må forvalta naboskapet med Russland klokt

Ekspertgruppa viser til terrorisme, cyberåtak og langtrekkjande missilar. Dei peikar på at krisa i Ukraina markerer slutten på langvarig fred i Europa og på Noreg sitt forhold til Russland som sentralt i den kursen Forsvaret bør ha i framtida.

– Russland vil vera den sentrale faktoren i norsk forsvarspolitikk i uoverskueleg framtid. Noreg må forvalta naboskapet med Russland klokt basert på felles interesser, understrekar Tamnes i ekspertgruppa.

Rapporten understrekar også behovet for langt tettare samarbeid med allierte.

– Det er viktig å erkjenna at Noreg er ein småstat som treng støtte frå allierte. Av og til blir denne erkjenninga borte i planlegginga av og debatten rundt det norske Forsvaret. Det framstår som at dette skal Noreg greia åleine. Me tilrår at Noreg og allierte går saman om eit felles lyft, seier Tamnes.

Forsvarsøvelse i Finnmark

Kor godt rusta er Forsvaret til å takla sine mest krevjande oppgåver, er spørsmålet som ei ekspertgruppe har hatt i oppdrag å svara på. Biletet er frå ei øving i Finnmark i mars 2015.

Foto: Ole-Sverre Haugli/Hæren/Forsvarets mediesenter / NTB scanpix

Føreslår fem «kritisk viktige» tiltak

Ekspertgruppa trekkjer fram fem konkrete oppgåver som dei meiner blir kritisk viktige for å skapa eit sterkt og krigsførebyggjande norsk forsvar i tida framover:

  1. Meir ressursar til etterretning og overvaking
  2. Eit meir robust apparat for leiing i krise og krig i form av
    - ei tettare kopling mellom dei operative hovudkvartera til Forsvaret og dei allierte
    - å oppretta ei eiga eining for krisehandtering ved Statsministeren sitt kontor (SMK)
  3. Avskrekking i form av blant anna landstyrkar, meir robust luftvern, nye ubåtar og samarbeid med allierte
  4. Reaksjonstida er for svak. Klartida for utvalde norske styrkar må kraftig ned og einskilde einingar må vera kontinuerleg til stades i utsette område
  5. Sivil og militær understøtting er forsømt. Krafttiltak må til for å sikra at norske og allierte styrkar får naudsynt støtte i krise og krig

Søreide: – Eit solid stykke arbeid

Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide

Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide får tysdag overrekt rapporten om Forsvaret som ei ekspertgruppe har jobba med sidan desember i fjor.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

Forsvaret må få 2 milliardar kroner meir i løyvingar innan 2017 for å klara å løysa oppgåvene sine på ein tilfredsstillande måte, meiner gruppa.

Ifølgje rapporten kan forsvarskapasiteten styrkast med 7,5 milliardar årleg i ti år fram i tid, dersom Forsvaret både får meir pengar og i tillegg omdisponerer mykje av eksisterande ressursar til operativ verksemd.

Forsvarsministeren seier at rapporten peikar i same retning som regjeringa ønskjer for Forsvaret.

– Ekspertgruppa har levert eit solid stykke arbeid. Ekspertgruppa sine avgjerder kjem til å bli viktige inn i det store biletet som ligg framfor oss, seier Søreide og viser til regjeringa sitt arbeid med den nye langtidsplanen for Forsvaret.

Rapporten skal ifølgje regjeringa vera eit innspel i debatten om Forsvaret sine føresetnader til å avverja og møta utfordringar mot norsk sikkerheit og mot allierte.

Ordsky av ekspertgruppe sin rapport om Forsvaret

Ei ordsky av ekspertgruppa sin rapport om Forsvaret viser kva ord som er mest brukt. Jo større eit ord er, jo oftare er det nemnt i rapporten.

Foto: Wordle

SISTE NYTT

Siste meldinger