Hopp til innhold

Vil ha meir openheit om kven som eig aksjar

Det er viktig for å forhindre kriminalitet, seier Økokrim.

Oslo Børs

Det bør vere lettare å få vite om kven som kjøper aksjar, ifølge ein ny rapport.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Tysdag fekk næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) rapporten «Større openheit om aksjeeigarskap».

Rapporten er eit ledd i at regjeringa vil at det skal bli lettare å vite om kven som eig aksjar.

Aksjekjøp på dagsordenen

Reglane i dag er at alle aksjeselskap må føre oversikt over kven som er eigarar.

Opplysningane blir berre gitt ut til dei som søker om det. Dessutan må dei hentast ut for kvart enkelt selskap.

Les også Endrer retningslinjene etter Huitfeldt-innrømmelse

Hennes ektemann har handlet aksjer på Oslo Børs – blant annet i våpenprodusenten Kongsberg Gruppen – mens hun har vært utenriksminister.

Vidare blir opplysningane berre oppdaterte éin gong i året. Det opnar for at ein kan skjule reell eigarskap ved å selje seg ut i tide.

Det siste året har det vore mykje merksemd rundt openheit om aksjeeigarskap.

Aksjeskandalane i fjor, som involverte ei rekke toppolitikarar og ektefellane deira, var knytt til manglande openheit rundt kjøp av aksjar.

Sakene har bidratt til å få fart på prosessen med å få eit nytt regelverk på plass.

Det nye regelverket skal sikre opplysningar om alle aksjekjøp, ikkje berre for politikarar.

Les også Sindre Finnes kjøpte aksjer da Solberg var statsminister

Stortingets avslutningsmiddag

Motstridande omsyn

Ei ny løysing må sørge for lettare tilgang og meir oppdaterte opplysningar om eigarskap enn det som er situasjonen i dag, er konklusjonen i rapporten.

Rapporten slår fast at opplysningane gjerast tilgjengeleg for alle. Utan innlogging, og utan krav om betaling.

Selskapa må sjølv vere pliktig til å rapportere inn endringar, ifølge rapporten.

På den eine sida vil meir openheit om aksjeeigarar generelt bidra til både å styrke tilliten til selskapa og til at innsidehandel blir oppdaga raskare.

Les også Ola Borten Moe går av som statsråd

Ola Borten Moe går av som statsråd

På den andre sida blir det framheva at opplysningar om personleg økonomi i form av eigarskap til aksjar er å rekne som personopplysningar. Dette må det bli teke omsyn til ved ei ny løysing, blir det understreka i rapporten.

Utvalet er ikkje spesielt bekymra for at ei løysinga kan utnyttast av kriminelle.

Kan redusere kriminalitet

Økokrim har komme med innspel til rapporten. Dei meiner opne eigarskapsregister kan få stor betydning for å førebygge kriminalitet.

Openheit rundt eigarskap, under dette reell eigarskap, medverkar til å redusere moglegheitsrommet for kvitvasking, terrorfinansiering og annan kriminalitet.

Det seier sjef i Økokrim, Pål Lønseth.

Kriminalitet blir gjennomført i stor grad ved tildekking. Openheit avgrensar moglegheita for dette.

pk-politi-06-050324

Meir openheit kan gjere det vanskelegare å drive med økonomisk kriminalitet, meiner Økokrimsjef Pål Lønseth.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Morten Bamle er etterforskar i Økokrim. Han er fornøgd med rapporten og seier det generelt bør vere eit større fokus på tiltak som forhindrar kriminalitet.

– Fordi trusselbildet er i endring. Meir kriminalitet blir gjennomført digitalt. Og politiet har ikkje ressursar til å etterforske alle saker. Det er viktig med førebyggande tiltak. Dette er ein del av det.

Når det gjeld misbruk som følge av større tilgang på opplysningar, seier Bamle at dette er noko ein må vere merksam på.

– Men eg meiner at oppsida ved eit ope register er mykje større enn den risikoen.

– Openheit er svaret på mykje

Også revisorar, advokatar og journalistar har gitt innspel til rapporten. Blant dei er Arnt Olav Aardal i BDO.

Vi ser absolutt nødvendigheita av både større openheit rundt aksjonærregisteret, meir rettidig data og at det er teknologinøytralt.

Det er heilt avgjerande at ein veit i sanntid kven som kontrollerer eit selskap, seier Aardal.

Generalsekretær i Norsk Presseforbund Elin Floberghagen er einig.

– Det er sunt for marknadsøkonomien, aksjemarknaden og demokratiet. Vi trur at openheit er svaret på mykje.

Elin Floberghagen Norsk Presseforbund

Elin Floberghagen i Norsk Presseforbund er ein av fleire som er positiv til meir openheit.

Foto: NTB

AKTUELT NÅ