Svensson er for stjernegrossist å rekne i Noreg. Saman med Jo Bøe Klakegg hadde Svensson lenge stjerne med Restaurant Oscarsgate, før dei fekk stjerne for restauranten Fauna i 2014.
Måndag blei det klart at Svensson nok ein gong er plassert i Michelinguiden, denne gongen med restauranten Galt på Frogner i Oslo.
På scena i København fekk kjøkkensjefen spørsmål om kor viktig det var å halde seg til norske røter i matlaginga.
– Det er meir svensk, svarte den svenske kokken.
– Og norsk, sjølvsagt. Det er mitt land no, la ein smilande Svensson til.
Galt opna i fjor haust, etter at Svensson og Klakegg la ned Fauna i 2016.
ROPT OPP: Björn Svensson blei ropt opp på scena i København.
Framleis éin av dei beste i verda
Ingen andre norske restaurantar tok steget inn i Michelinguiden, men fem restaurantar held på stjernene dei allereie har.
Best av dei fem er Maaemo, som for tredje året på rad har tre stjerner.
Maaemo, med kjøkkensjef Esben Holmboe Bang, gjekk frå null til to stjerner i 2012, før dei fekk den tredje i 2016.
Fram til 2018-guiden var det berre Geranium i København, med kjøkkensjef Rasmus Kofoed, som hadde like mange stjerner.
Måndag fekk Sverige sin første med den ypparste utmerkinga i Michelinguiden. Den svenske restauranten Frantzén går rett inn med tre stjerner.
Frantzén, med kjøkkensjef Björn Frantzén, stengde sommaren 2016 på grunn av dårlege lokale. I fjor opna restauranten på nytt i Stockholm.
- Les også:
EKSKLUSIVT: Kjøkkensjef Esben Holmboe Bang ved Maaemo i Oslo har dei siste åra vore éin av to kjøkkensjefar med tre michelinstjerner i Norden. I 2018-guiden har tre restaurantar i Norden tre stjerner.
Foto: Jørgen Bohnhorst Hoff / NRK– Éi stjerne er kjempestort
I Noreg held fire restaurantar på éi stjerne: Kontrast og Statholdergaarden i Oslo og Re-naa og Sabi Omakase i Stavanger.
– Vi er letta og glade. Dette er veldig viktig for meg og alle i teamet, seier Torill Renaa til NRK måndag kveld.
Ho er tydeleg på at det betyr svært mykje å ha ei stjerne i den kjende matguiden.
– Det betyr at vi leverer på eit høgt, jamt godt nivå, at vi har flinke folk som jobbar saman, og at Rogaland har kjempegode produkt, meiner Renaa.
– De er ikkje skuffa over å ikkje få to stjerner?
– Nei, vi håpte på éi, no må de gi dykk! Er du klar over kor stort det er? Éi er stort for oss, kjempestort, så vi er veldig glade for det.
- Les også:
GLAD RENAA: Torill Renaa, som driv Re-naa saman med ektemannen Sven Erik, var svært glad for å halde på éi stjerne i Michelinguiden.
Éi ny stjerne i 2017
For eitt år sidan fekk den vesle sushirestauranten Sabi Omakase i Stavanger éi stjerne i den segnomspunne Michelinguiden.
– Det er fantastisk og ei ære å få ei slik utmerking, sa restaurantsjef Roger Asakil Joya til NRK etter at han fekk stjerna.
Eitt år seinare er det sju månader ventetid for å få bord på Sabi Omakase. Ei stjerne i Michelinguiden er både ei heidersutmerking og noko som trekkjer svoltne kundar frå heile verda.
– Den har betydd mykje. For oss har stjerna opna dører, men det er også positivt for Stavanger og regionen, fortalde sjefskokk Joya før årets utdeling.
Dette betyr stjernene
Michelinguiden, også kalla Guide Rouge og Guide Michelin, deler inn i fire forskjellige kategoriar.
Tre stjerner vil seie at restauranten er verdt ei reise i seg sjølv.
- To stjerner vil seie usedvanleg god matlaging og at restauranten er verdt ein omveg.
- Éi stjerne vil seie at restauranten er ein spesielt god restaurant i sin kategori.
- Bib Gourmand, nivået under éi stjerne, vil seie god mat til ein moderat pris.
I Noreg har to restaurantar, Restaurant Eik og Smalhans i Oslo, utmerkinga Bib Gourmand.
- Les også: