Hopp til innhold

Ny norsk kvinne i Syria-leir ber om hjelp frå UD

Venninna blei dømd til fengsel for IS-deltakting. No ber også Aisha Shezadi Kausar (29) norske styresmakter om hjelp til å kome heim frå Syria, skriv Aftenposten.

Aisha Shazadi Kausar i leiren Roj nordøst i Syria.

Aisha Shezadi Kausar har bede UD om hjelp til å kome heim til Noreg, skriv Aftenposten.

Foto: NRK

– Situasjonen har endra seg drastisk det siste året. Omgivnadene er ikkje lenger trygge nok så barna kan vekse opp utan å utvikle alvorlege fysiske og psykiske problem, seier Kausar i eit intervju med Aftenposten.

Ho seier til avisa at ho har retta ei formell oppmoding til Utanriksdepartementet om hjelp til å kome heim.

Kausar bor saman med sonen i Roj-leira i Syria. Ho reiste til landet for sju år sidan og slutta seg til IS-regimet. Ho blei den andre kona til den kjende norske islamisten Bastian Vasques.

Han var også gift med kvinna som nyleg blei dømd til fengsel i tre år og seks månader for deltaking i IS. Ho har anka dommen.

Har bede om hjelp før

Også i 2018 bad kvinna om hjelp til å kome heim til Noreg. Men i eit intervju med NRK i 2019 sa ho at ho likevel ikkje ville tilbake, og at ho angra på det handskrive brevet til norsk UD.

– Brevet blei skrive i hui og hast og i desperasjon. Eg ventar ikkje noko hjelp frå norske styresmakter. Eg ønsker heller ikkje å bidra til prosessen om å få oss nordmenn returnert til Noreg, sa ho då.

Al Roj-leiren

Telta står tett i Roj-leira. Pandemien har gjort livet i leira vanskeleg, seier Kausar. Bildet er teke i slutten av mars i år.

Foto: DELIL SOULEIMAN / AFP

Men då pandemien braut laus i fjor, var det mange i Roj-leira som frykta det nye viruset, og at det skulle spreie seg mellom telta. Men Kausar sa at det heller ikkje då var aktuelt på be om hjelp til å kome til Noreg.

– Eg veit enno ikkje noko om kva som ventar meg om eg dreg tilbake. Difor veit eg ikkje om det er noko eg har lyst til, sa ho til NRK via lokale journalistar i fjor.

Danmark hentar heim kvinner og barn

På ein pressekonferanse tysdag kveld stadfesta Danmarks utanriksminister Jeppe Kofod at dei ville hente heim 19 barn og tre mødrer frå Syria, melder Danmarks radio.

Dei tre mødrene er danske statsborgarar, og saka er behandla av ei arbeidsgruppe for regjeringa.

Den danske regjeringa har vore imot å hente heim kvinner og barn frå Syria fordi dei meiner kvinnene sjølve har valgt å reise, og med det vendt Danmark ryggen.

Men fleirtalet på Folketinget avgjorde tidlegare i år å sette ned arbeidsgruppa som no har kome med sine tilrådingar til regjeringa.

Jeppe Kofod

Danmarks utanriksminister Jeppe Kofod seier dei vil hente heim 19 barn og dei tre mødrene deira frå Syria.

Foto: RITZAU SCANPIX / Reuters

Sjefen for Politiets Efterretningstjeneste i Danmark, Finn Borch, har leia arbeidsgruppa. Han seier at det ikkje er realistisk å hente heim barna utan mødrene.

Men kvinnene må rekne med å bli dømde til fengsel når dei kjem heim til Danmark, seier justisminsiter Nick Hækkerup på pressekonferansen.

– Kvinnene skal straffast hardast mogeleg når dei kjem til Danmark. Dei skal stå til ansvar for det dei har gjort, seier han.

Ber Noreg følge etter

Røde Kors meiner den norske regjeringa bør følge den danske og hente heim norske mødrer og barn som er igjen i leirane i Syria.

– No er det på høg tid at også Noreg tek ansvar for eigne statsborgarar, og henter heim dei mødrene og barna som er igjen i Syra, seier Ivar Stokkereit, som er leiar for folkerettseinginga i Røde Kors til NTB.

Dei seier barna i leirane i Syria har ein oppvekst prega av vald, overgrep og annan frykt.

– Dersom ein mistenker at norske borgarar har gjort brotsverk, må dette bli etterforska av norske styresmakter, og eventuelt ta ut tiltale her heime, seier Stokkereit.

Då kvinna som nyleg blei dømd for deltaking i IS kom heim, førte det til stor usemje i den norske regjeringa. Frp valde å ta dissens, og gjekk ut av regjeringa.

AKTUELT NÅ