Hopp til innhold

Ny meiningsmåling: Styrka venstreside før budsjettforhandlingar

Veljarane held seg stort sett i ro etter Stortingsvalet 2021. Men partia heilt til venstre i norsk politikk, lokkar til seg nokre få nye veljarar.

Stortingsvalg 2021.

Venstresida held på fleirtalet. Framleis grunn til å smile for leiarane i Sp, SV, MDG, Raudt og Ap. Her er bla Bjørnar Moxnes og Une Bastholm saman med statsminister Støre frå valnatta, 14.september 2021

Foto: Naina Helén Jåma / NTB

Nesten to månader etter Stortingsvalet er den politiske situasjonen svært stabil, viser målinga Norstat har gjort for NRK og Aftenposten for november.

Ein må nesten leite med lupe for å sjå endringar, men både SV, MDG og særleg Raudt går noko fram 1,2 prosentpoeng samanlikna med førre måling.

Partibarometer november 2021

Periode 26/10–31/10. 954 intervjuer. Feilmarginer fra 1,3–3,3 pp.
R
5,9 %
+1,0
SV
8,2 %
−0,8
AP
26,8 %
+1,2
SP
14,0 %
+0,9
MDG
4,2 %
+0,5
KRF
3,0 %
−0,4
V
4,4 %
−0,1
H
21,2 %
+0,7
FRP
9,8 %
−2,2
Andre
2,5 %
−0,9
Kilde: Norstat for NRK og Aftenposten. Tallene er sammenliknet med stortingsvalgmålingen for oktober. 956 intervjuer er gjennomført, hvorav 782 har oppgitt partipreferanse.

Alle endringane er også innanfor feilmarginen for målinga, men det er truleg at den speglar utviklinga hos veljarane.

Einstemmig storting

Den siste månaden har vore prega av straumkrisa og Stortinget samla seg einstemmig om å auke bustøtta og sosialhjelp til folk som slit med å betale straumrekninga. Dermed har dei store konfliktsakene uteblitt og skilnaden mellom partia har ikkje vore så tydeleg.

Men neste veke brakar det laust. Måndag 8. november legg regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett, tilleggsproposisjonen, for neste år.

Då vil regjeringa møte ei venstreside som i følgje denne meiningsmålinga har ei samla oppslutning frå 18,2 prosent av veljarane. Likevel er det venta at SV som forlot regjeringssonderingane med Ap og Sp, vil sette seg ned aleine med regjeringa for å forhandle fram eit endeleg budsjettforslag.

Usikre veljarar i Frp...

Frp er det partiet som går mest tilbake av alle partia på denne målinga, når vi samanliknar både med valet og førre måling.

Trass straumkrise og debattar om drivstoffprisar og Co2-avgift, der Frp har markert seg med tydelege standpunkt, ser ikkje Frp ut til å hente noko gevinst frå livet i fri opposisjon. Partiet går tilbake 1,8 % og har ei oppslutning på 9,8% i novembermålinga.

– Målingar svingar, men negative tal er aldri bra. I Frp jobbar vi no målretta med å bli det leiande opposisjonspartiet fram mot vala i 2023 og 2025, seier nestleiar Terje Søviknes.

Han legg til at dei skal jobbe med saker som er viktige for vanlege folk i kvardagen og peikar på krisepakkeforslaget for å avhjelpe høgare straumprisar, drivstoff og matvarer.

Forslaget vart kjent førre veke og Arbeiderpartiet var raskt ute og hevda til VG at den vil koste om lag 30 milliardar kroner.

...og i KrF

Også politisk kommentator i NRK, Lars Nehru Sand har merka seg oppslutninga til Frp - og i Krf. Partiet som kom under sperregrensa og berre fekk inn tre representantar ved valet, har i denne målinga støtte frå 3 % av dei spurde.

– Både KrF og Frp slit med at eigne velgjarar no er usikre på partivalet sitt. Det gjer at særleg KrF som står føre eit leiarskifte etter eit valgnederlag går ei krevjande tid i møte.

Stille før stormen?

NRK sin politiske kommentator, Lars Nehru Sand, les også denne målinga med lupe for å forstå korleis norsk politikk og kvart enkelt parti utviklar seg. Han er ikkje overraska over stabiliteten blant veljarane og viser til at det er kort tid sidan valet.

Lars Nehru Sand og Magnus Takvam

Lars Nehru Sand, politisk kommentator NRK

Foto: Eivind Waage / NRK

Men han er meir spent på kva vi får sjå på neste måling. Då vil veljarane ha eit budsjettforslag frå regjeringa på bordet – der dei får sjå korleis den omset Hurdalsplattformen til reelle økonomiske prioriteringar:

– Det er jo det første Ap og Sp skal levere av faktisk politikk. Korleis velgerne tek i mot dette blir spennande å sjå i desember, seier Sand.

AKTUELT NÅ