Rahila Iqbals far og morfar er tiltalt for med overlegg å ha medverka til, eventuelt gitt ordre om drap og valdtekt av Rahila. Sjåføren til familien er tiltalt for overlagt drap og valdtekt.
Det var her bilen med Rahila Iqbal hamna ute i elva. (NRK-foto)
Norsk-pakistanske Rahila Iqbal miste livet i Pakistan 1. juni i fjor då bilen ho sat i køyrde ut i ei elv. Den endelege dødsårsaka er aldri blitt slått fast.
I ei rettsavgjerd i dag har Høgsterett i Pakistan gjort det klart at dei ikkje kan ta stilling til dei tidlegare rettsavgjerdene i saka. Dei meiner det er gjort formelle feil, og har bede om ny behandling i lågare rettsinstansar, opplyser advokat Abid Raja til NTB.
Han representerer Rahila Iqbals far, Azar Iqbal.
Høgsterett har peike på at vitne som forklarte seg då lagmannsretten behandla saka, ikkje forklarte seg i første rettsrunde.
Lagmannsretten fann bevisa for svake og avviste drapssaka.
Azar Iqbal er fri frå varetekt, men får ikkje lov til å forlate Pakistan før saka er endeleg avgjort i rettsvesenet.