NRK Meny
Normal

Norsk undersøking skal hjelpe giardia-offer

Ei omfattande undersøking om giardiaparasitten er nettopp starta i Bergen. Aldri før har ein gjennomført ei liknande rundspørjing, og resultata kan få betydning på verdsbasis.

Giardia-parasitten
Foto: AP Photo/News Ltd / AP

1300 personar som vart smitta av parasitten i Bergen hausten 2004 deltek i undersøkinga, melder NTB.

- I eit vestleg land har ein aldri opplevd eit liknande utbrot som det vi hadde i Bergen for tre år sidan. Difor har vi no ein unik sjanse til å skaffe oss meir kunnskap om parasitten, seier Guri Rørtveit ved Allmennmedisinsk Forskningenset ved Universitetet i Bergen.

1300 giardiaoffer deltek

Undersøking er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen og Haukeland Universitetssjukehus. Bergen kommune har bidrege med ein halv million kroner til prosjektet.

I tillegg til dei 1300 giardiaoffera frå 2004, deltek ei kontrollgruppe på 2600 personar. Den siste veka har desse motteke eit spørjeskjema. Rørtveit fortel at målet med den store kontrollgruppa er å samanlikne forekomsten av mage- og tarmplager og kronisk utmatting hos giardiaoffer og folk elles.

Lite forsking

Giardia-sjukdommen førekjem for det meste i u-land, noko som også forklarar kvifor det ikkje har blitt forska meir på parasitten.

- Det meste av forskinga i verda skjer på sjukdommar som er vanlege i vestlege land. Vi håpar difor at flest mogeleg tek seg tid til å svare på skjemaet. Det er utruleg viktig for dei 5000 som vart smitta av giardia i Bergen, og ikkje minst for dei 200 millionar menneska i verda som til eikvar tid har sjukdommen, seier Rørtveit.

Bergen kan hjelpe

Frå tidlegare forsking veit ein at infeksjonar kan vere den utløysande årsaka til kronisk utmatting. Om giardia-smitte har denne effekten har aldri vore undersøkt tidlegare, og Rørtveit understrekar at det er eit at hovudfokusa i undersøkinga.

- Gjennom denne undersøkinga kan bergensarane bidra til å finne ut meir om smitten og dei etterfølgjande sjukdommane. Når det først gjekk så gale her i Bergen, meiner vi det er viktig å bruke høvet til å skaffe ny kunnskap, avsluttar prosjektleiaren.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger