Hopp til innhold

Ny flyrute på Torp har gitt fleire asylsøkarar

Nesten 60 passasjerar på den nystarta flyruta mellom Skopje i Makedonia og Torp Sandefjord lufthamn har så langt søkt om asyl i Noreg. Alle får avslag.

WIZZAIR-HUNGARY/ A Wizz Air Airbus A320-200 aircraft takes off from Budapest Airport

Wizz Air, eigentleg Wizz Air Hungary Ltd, er eit ungarsk lågprisflyselskap med hovudkontor i Budapest.

Foto: BERNADETT SZABO / Reuters

29, juni starta Wizz Air opp rutetilbodet mellom hovudstaden Makedonia og Torp Sandefjord lufthamn. På dei åtte første flyturane sat det 58 asylsøkjara, skriv Sandefjords Blad.

Alle asylsøkjarane frå Albania og Makedonia som har fått sine søknadar behandla i år, har fått avslag, viser overtida til Utlendingsdirektoratet. Til saman er det snakk om kring 200 personar.

Konstituert visepolitimeister Kjell Johan Abrahamsen i Vestfold fortel at politiet, som ei følgje av dei mange søknadane, har hatt ekstra bemanning på flyplassen ved tilkomst.

Talet på asylsøknadar blant flypassasjerane har den siste tida falt. På dei tre siste flygingane frå Skopje har ingen av passasjerane vore asylsøkjarar.

Har fått feil inntrykk av asylreglar

Kommunikasjonsrådgjevar Monica T. Olsen i Politiets Utlendingseining (PU) seier at det er grunn til å tru at reisa til Noreg har vore organisert, og at personane har fått feilaktig informasjon om kva som skal til for å få innvilga asyl i Noreg.

– Vi har dessverre døme på barnefamiliar i ein vanskeleg økonomisk situasjon som fortel at dei har fått beskjed om at dei kan få arbeid i Noreg gjennom å søkje asyl, fortel Olsen.

Mange har klaga på avslaget dei har fått og oppheld seg framleis i Noreg. For dei fleste har PU oppretta utvisingssak, skriv Sandefjords Blad.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger