Hopp til innhold

– Ny arbeidsdag vil gjelde berre halvparten av lærarane

Berre halvparten av lærarane blir omfatta av den nye avtalen om å vere 7,5 time på skulen kvar dag. Det meiner Utdanningsforbundet, som viser til at dei fysiske arbeidstilhøva er så dårlege på mange skular at kravet ikkje kan gjennomførast.

Lærerrom Spjelkavik ungdomsskule

Ifølge ei undersøking Utdanningsforbundet har gjort blant sine medlemmar, har 58 prosent så dårlege tilhøve på kontorplassen sin, at dei ikkje greier å arbeide effektivt. (Illustrasjonsbilete).

Foto: Stig-Espen Soleng / NRK

Nestleder i Utdanningsforbundet Steffen Handal
Foto: Tom Egil Jensen, Utdanningsforbundet
Gunn Marit Helgesen (H)

Styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen, trur ikkje på at halvparten av skulane har for dårlege kontor for lærarane.

Foto: Anne Lognvik / NRK
Solveig Hvidsten Dahl

– Utgangspunktet må vere at ein prøvar å finne løysingar ilag, ikkje at ein startar i andre enden og seier at dette er så vanskeleg at vi ikkje kan få dette til, seier Solveig Hvidsten Dahl i Norsk skolelederforbund.

Foto: NSLF

– Ved mange skular er ikkje dei fysiske arbeidstilhøva gode nok til at 7,5-timarskravet kan gjennomførast, seier nestleiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal.

I går vart Unio/Utdanningsforbundet einige med KS om ein ny tariffavtale for lærarane. Ei av dei viktigaste endringane er at lærarar heretter skal vere 7,5 timar på skulen kvar dag.

Men avtalen gjeld berre dersom dei fysiske arbeidstilhøva er tilfredsstillande. Handal meiner difor at på rundt halvparten av skulane i landet kan ikkje rektor krevje dette.

– Når vi spør våre medlemmar om kontortilhøva på skulen deira er for dårlege til at dei kan arbeide effektivt, svarar 50-60 prosent at dei er einige i ein slik påstand, sier Handal.

KS trur ikkje på tala

– Nei, det trur eg ikkje, svarar styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen.

Men heller ikkje ho har total oversikt over fysiske arbeidstilhøva på norske skular.

– Eg har ikkje forutsetning for å seie om det er halvparten eller mindre eller meir, men det er klart at det nokre stader er behov for å gjere noko, seier Helgesen.

Avtalen seier at det er rektor, tillitsvalt og verneombod som saman skal definere om dei fysiske arbeidstilhøva er gode nok til å krevje at lærarane er der 7,5 time om dagen.

Helgesen håpar lærarane ikkje set seg på bakbeina.

– Eg håpar at ein ikkje definerer dette så strengt og lagar rigide system for å unngå avtalen, seier Helgesen.

Rektorane er kritiske

Sentralt i dei lokale vurderingane vil altså rektor på den enkelte skule stå. Solveig Hvidsten Dahl i Norsk skolelederforbund organiserer rektorar og synest Utdanningsforbundet er vel pessimistiske.

– Utgangspunktet må vere at ein prøvar å finne løysingar ilag, ikkje at ein startar i andre enden og seier at dette er så vanskeleg at vi ikkje kan få dette til, seier Dahl til NRK.

Skuleleigarane meiner det er eit framsteg at lærarane no skal vere meir på skulen.

– Og da går det imot heile intensjonen å seie at det ikkje nyttar fordi ein ikkje finn ein plass å sitje, seier Dahl.

AKTUELT NÅ